FAREVARSEL: Det er meldt vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Noreg.
FAREVARSEL: Det er meldt vanskelege køyreforhold i fjella i Sør-Noreg. (Faksimile: Meteorologisk Institutt)

Varslar snø og vanskelege køyreforhold i fjella

Meteorologisk institutt oppmodar bilistar til å følgja med på vêrmeldingane.

Indre Sogn: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold lokalt i Sør-Noreg og på Vestlandet. 

I fjella i sør er det venta austleg kuling, snø og snøfokk. Sørlege områder er mest utsett, men frå og med tysdag aukar farenivået til gult. 

Måndag vart fylkesveg 55 over Sognefjellet stengd grunna uvêr, og Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø vart stengd inntil vidare grunna sterk vind i fjella. 

STENGD: Måndag kveld vart Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø stengd inntil vidare grunna sterk vind i fjella. Faksimile: Tindevegen.no

Tysdag er det meldt mildare vêr og snø vil gå over til regn. Dette kan by på vanskelege køyreforhold, då regnet kan gå over til å frysa på bakken.

Meteorologane oppmodar folk til å bruka vinterdekk, og spår at det kan førekoma forseinkingar på vegane. 

Til toppen