SKREDFARE: Det er venta stor snøskredfare i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland når ekstremvêret Tor inntreffer fredag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKREDFARE: Det er venta stor snøskredfare i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland når ekstremvêret Tor inntreffer fredag.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Varslar stor snøskredfare på Vestlandet

Det er venta stor snøskredfare i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland når ekstremvêret Tor inntreffer fredag.

Årdal/Lærdal: Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ber turfolk halde seg unna skredterreng brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred i helga.

Samstundes som ekstremvêret Tor er venta inn til vestlandskysten fredag, aukar skredfaren til nivå 4. Den høge skredfaren gjeld hovudsakleg for fjellområda og kjem av nysnøflak i høgda i kombinasjon med sterk vind.

I låglandet er skredfaren mindre, ettersom det er lite snø for årstida. Mildvêret tidlegare denne veka har verka stabiliserande på det gamle snødekket. Det er likevel venta ein del naturleg utløyste middelsstore skred.

NVE reknar med at skredfaren minkar i alle tre fylka laurdag.

NVE varslar dessutan jord-, sørpe- og flaumskredfare til middels nivå i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane. (©NPK)

Til toppen