ALVORLEG: Mykje regn er venta onsdag og torsdag.
ALVORLEG: Mykje regn er venta onsdag og torsdag. (Foto: Meteorologisk institutt/skjermdump)

Varslar styrtregn på Vestlandet

Mykje regn på kort tid kan skapa trøbbel dei komande dagane.

Sogn: Meteorologisk institutt åtvarar mot særs kraftige regnbyger i Hordaland og Sogn og Fjordane frå seint onsdag ettermiddag til torsdag morgon. Enkelte stader kan det koma 30 til 55 milimeter på tre timar.

Faregraden vert vurdert til oransje nivå, det nest høgste dei opererer med. Dette vert karakterisert som ein alvorleg situasjon. Sjansen for at farevarselet slår til vert vurdert som større enn femti prosent.

Moglege konsekvensar er lokal flaum, skred og stengde vegar, for å nemna noko.

Til toppen