KOLONNE: Kolonnekøyring eller stengde fjellovergangar kan førekomma fredag.
KOLONNE: Kolonnekøyring eller stengde fjellovergangar kan førekomma fredag. (Foto: Ron Holan/Arkiv)

Varslar vanskelege køyreforhold over fjellovergangane fredag

Dersom du skal køyra heim til jul fredag, er det anbefalt å kryssa fjellovergangane så seint på kvelden som mogeleg.

Indre Sogn: Meteorologisk institutt har gått ut med farevarsel for vansklege køyreforhold over fjellovergangane fram til fredag kveld. 

– Det kan førekomma kolonnekøyring og i verste fall stengde fjellovergangar fredag, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Snø og vind

Det er venta opp til frisk bris utsatte stader. 

– Kombinasjonen av ein del vind og snø kan føra til problemer over fjella i Indre Sogn. 

Skålevik Valved anbefalar difor dei som har planar om å kryssa fjellovergangane til å køyra så seint på kveld som mogeleg. 

– Dei vansklege køyreforholda vil gå over utover kvelden. Eg vil anbefala å kryssa fjellovergangane fredag kveld i staden for fredag ettermiddag, seier meteorologen.

Til toppen