SNØ: Det er venta nedbør både snø og sludd på fjella og i låglandet dei neste dagane.
SNØ: Det er venta nedbør både snø og sludd på fjella og i låglandet dei neste dagane. (Foto: Ron Holan/Arkiv)

Varslar vanskelege køyreforhold over fjellovergangane

Meteorologisk insitutt har sendt ut gult farevarsel i Indre Sogn for søndag og måndag.

Indre Sogn: Martin Granerød ved Meteorologisk institutt varslar vanskelege køyrefolhold både søndag og måndag. Det er meld opp mot storm utsatte stader. 

– På fjellet vil det bli nordlig og nord-vestlig storm, kombinert med snøbyger, seier Granerød. 

Det vil resultere i utfordrande køyrefolhold over fjellovergangane.  

Kan førekomma kolonne eller stenge fjellovergangar

– Det er for tidleg å seia om det kjem til å resultera i stengde fjellovergangar eller kolonnekøyring, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå det, seier meteorologen. 

Det er hovudsakelig på fjellovergangane ein vil merka vinden, men områder i låglandet som er utsatt for vind frå nord-vest, vil òg merka det.

Det vil bli snøbyger på fjella, og det er stor sjanse for nedbør i låglandet.  

– Temperaturen nede ved fjordane vil nok halda seg såpass låg at det vil komma snø eller sludd. 

Til toppen