FARE FOR SNØSKRED: Nettsida varsom.no melder om vesentleg snøskredfare i Indre Sogn dei komande dagane. Foto: arkiv.
FARE FOR SNØSKRED: Nettsida varsom.no melder om vesentleg snøskredfare i Indre Sogn dei komande dagane. Foto: arkiv.

Varslar vesentleg snøskredfare i jula

Har du tenkt deg på skitur i jula bør du vere merksam på farene.

Indre Sogn: Det er meldt om vesentleg snøskredfare i Indre Sogn dei komande dagane og på nettstaden varsom.no ber dei folk vere merksame i fjellet. Oransje nivå er det tredje høgaste varslingstenesta opererer med.

Mykje nedbør og kraftig vind vil føre til at det samlar seg store mengder snø i enkelte parti i fjellet. Det gir ustabile forhold i mange bratte heng.

– Unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø, typisk bak ryggar, i søkk og renneformasjonar, er oppmodinga.

Les også: Mykje vind og nedbør i helga

På ettermiddagen i dag er det venta sterk kuling på utsatte stader i fjellet, etter kvart liten storm i periodar. Om kvelden er det venta nedbør som vil komme som snø frå 200 til 500 meter over havet. Julafta viser meldingane mykje av det same, men truleg blir det litt meir regn og snø, mellom 15 og 30 millimeter.

Kjem det enno meir snø enn varsla kan skredfaren auke til raudt nivå, altså stor snøskredfare, melder nettsida.

Til toppen