SJEKKAR TREFFA: Gunnar Brevik tel resultata under stemnet på Ljøsne i Lærdal søndag. Foto: Tønjum skyttarlag
SJEKKAR TREFFA: Gunnar Brevik tel resultata under stemnet på Ljøsne i Lærdal søndag. Foto: Tønjum skyttarlag

Vårstemning med to feltstemne i skyting

I helga arrangerte både Tønjum Skyttarlag i Lærdal og Knipenborg Skyttarlag i Årdal opne feltstemne. 

Det er eit sikkert vårteikn når utesesongen tek til med feltstemne. Det skjer kvart år i mars. Stemna i Årdal og Lærdal denne helga er dei første for sesongen i Indre Sogn. Det samla menneske frå 9 år til over 75 år. 

Tønjum Skyttarlags stemne gjekk på Mo-terassen ved Saltkjelen på Ljøsne, først på dagen søndag, mens Knipenborg skyttarklubbs stemne gjekk føre seg etter klokka 12 søndag i Naddvik. 

TØNJUM SKYTTARLAG: Arrangørlaget skaut på laurdagen i sprakande vårsol. Sondre Sollibakke Mo (frå venstre), Kjersti Fagerlund, Heidi Eri Damli, Vilde Bjørkum, Erling Fagerlund. Bak står Jan I. Erikstad og Terje Bolstad.

Først ut på Ljøsne

I Lærdal sikra Svein Kåre Furre frå Leikanger Skyttarlag førsteplassen klassa 2-5/V55  i grovfeltløypa på Mo med 30/26, Jens O. Lysne frå Tønjum Skyttarlag tok andreplassen med 30/18 og  Robert Sandvik frå Knipenborg Skyttarlag tok tredjeplassen med 30/16. (For fleire resultat sjå faktaboks)

MARKERAR SEG: Jens Offerdal Lysne, ny klasse 3 skyttar i år, skaut fullt hus av vart nr 2 i kl 2-3/V55 under stemnet i Lærdal. 
MARKERAR SEG: Jens Offerdal Lysne, ny klasse 3 skyttar i år, skaut fullt hus av vart nr 2 i kl 2-3/V55 under stemnet i Lærdal. 

37 skyttarar deltok i Lærdal. Det er eit lågt tal samanlikna med kring 60 deltakarar i fjor, noko som nok skyldast dårleg vêr og snøfall på andre sidan av fjorden, fortel Jarle Offerdal, leiar for Tønjum Skyttarlag. Likevel melder han om tørre og fine forhold i Lærdal. 

– Det er kjekt å vera i gang att. Det var flotte skyteforhold og mykje god feltskyting, seier Offerdal. 

– Imponerande sesongstart i Årdal

Leiar i Knipenborg skyttarlag, Robert Sandvik, fortel at 44 stykk deltok på stemnet i Naddvik. Han er litt skuffa for at ikkje fleire jegarar møtte opp.

VANN I LÆRDAL: Svein Kåre Furre, Leikanger vann klasse 3-5/V55 i Lærdal og vart nummer to i same klasse i Årdal. 
VANN I LÆRDAL: Svein Kåre Furre, Leikanger vann klasse 3-5/V55 i Lærdal og vart nummer to i same klasse i Årdal. 

Sandvik er imponert over Svein Kåre Furre som hadde 30 treff på 30 skot, der 26 av skota innartreff i Lærdal. Det er resultat som høyrer heime heilt i landstoppen. Sandvik fortel at det også fleire av dei yngre skyttarane frå Knipenborg skyttarlag skaut godt søndagen. 

I klasse 2-5/V55 sikra Marius Sandvik frå Knipenborg Skyttarlag seg førsteplassen med  28/12, Svein Kåre Furre, Leikanger, vart nummer 2 med 27/16, mens Yngve Natvik, Knipenborg, med 27/11 enda på ein tredjeplass.  

VANN I ÅRDAL: I klasse 2-5/V55 sikra Marius Sandvik, Knipenborg, seg førsteplassen i Årdal med  28/12. 
VANN I ÅRDAL: I klasse 2-5/V55 sikra Marius Sandvik, Knipenborg, seg førsteplassen i Årdal med  28/12. 

– Dette er veldig bra resultat til å vera dei første stemna ute i år. Det vart fleire som fekk treff på 30 av 30 skot. Det er også godt gjort då det er heilt andre forhold ute enn inne. Ute må ein rekne med vindforhold og ein brukar kraftigare ammunisjon, som ein kjenner godt i skuldra, fortel han.   

Begge stemna i Årdal og i Lærdal er teljande i feltkarusell for Sogn Indre 2015. 

Neste store arrangement i området er Vårspretten 11. til 12. april, der Aurland og Årdal er arrangør.

IVRIGE HJELPARAR: Heidi Eri Damløi, Anna Hjellum og Hallvard Eri Bjørkum under stemnet i regi av Tønjum Skyttarlag i Lærdal.
IVRIGE HJELPARAR: Heidi Eri Damløi, Anna Hjellum og Hallvard Eri Bjørkum under stemnet i regi av Tønjum Skyttarlag i Lærdal.

Til toppen