Sogndal: I helga var det kåring av dei beste vinane i Norge, og for tredje år på rad stakk vinbøndene på Slinde av med dei to gjevaste titlane: årets vin og årets vinbonde.

Vart årets norske vinbønder for tredje gong på rad
Det var nok dei som tvila då Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø byrja med druedyrking langs Sognefjorden. Sidan har det hagla inn med gullmedaljar, og årets vinskue vart ikkje noko unnatak.