«Sjølv om vi kjempar mot kvarandre og dei politiske skillelinjene blir større, og spørsmåla oftare stilt, så ligg det likevel ein gjensidig respekt mellom oss som står i kampane», skriv Hilmar Høl (Ap).
meiningar
«Sjølv om vi kjempar mot kvarandre og dei politiske skillelinjene blir større, og spørsmåla oftare stilt, så ligg det likevel ein gjensidig respekt mellom oss som står i kampane», skriv Hilmar Høl (Ap). (Foto: Ina Eirin Eliassen)
meiningar

Vårt fellesskap står sterkt

I den store verda er det mange som føler at deira eiga tilhøyrigheit er truga av alle endringane som er ute i verda. Ny handel, teknologiske framsteg og  ei auka velstand kjem mange til gode, men langt i frå alle, og som følgje av dette kan verda opplevast som urettvis. 

KOMMENTAR: Utanfor våre eigne grenser ser vi at skarpe motsetnadar berre aukar i det politiske landskapet. Når arbeidsløysa stig, ser vi at tryggleiken synk i vanlege folk sin kvardag. Meir enn nokon gong er det behov for gode politiske svar og ein tydeleg politisk vilje.

Hilmar Høl (Ap).
Hilmar Høl (Ap).

Storbritannia har hatt sitt Brexit, vi ser høgreradikale strømningar som veks i Europa, og  Donald Trump har teke populisme og ufordrageligheit til nye høgder i USA, og vorten president i verdas mektigaste militærmakt.

Heldigvis er Noreg annleis. Vårt fellesskap er sterkt. Våre felles verdiar sterke. Vi har små skilnadar og lang tradisjon for å fordela verdiane rettvist. Sjølv om også vi skal prøvast i tida framover, så er eg overtydd om at felleskapet vårt er sterkt nok til å møte alle prøvelsar. 

Sjølv om vi kjempar mot kvarandre og dei politiske skillelinjene blir større, og spørsmåla oftare stilt, så ligg det likevel ein gjensidig respekt mellom oss som står i kampane. I etterkant av tøffe debattar, er det nemleg ikkje uvanleg at vi samlast rundt ein kaffikopp for å ha det litt triveleg saman. Det er fort å tenkje at dette er sjølvsagt, men når ein ser korleis dei rakkar ned på kvarandre i andre land, så blir eg iallefall svært takksam for at felleskapet vårt også strekk seg på tvers av det politiske spekteret.

Den norske folkesjela er bygd på rausheit og varme verdiar, og det er noko som vi verkeleg kan vere stolte av. No gler eg meg enormt til late dagar og kvalitetstid med familien, og med dette vil eg gjerne ønskje deg ei god jul og eit godt nyttår!

Med beste helsing
Hilmar Høl
Leiar, Sogn og Fjordane AP

Til toppen