STERKE: Dale vart for sterke for Jotun/ÅTIL. Heimelaget hadde til tider store vanskelegheiter med å kome seg gjennom forsvaret til motstandarane. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
STERKE: Dale vart for sterke for Jotun/ÅTIL. Heimelaget hadde til tider store vanskelegheiter med å kome seg gjennom forsvaret til motstandarane. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Vart for sterke

Dale vitja Årdal med spelarar som er vandt til å spele i ein høgare divisjon. Sveinsson meiner det er berre positivt.

Jotun/ÅTIL - Dale 14-36

Årdal: Torsdag kveld møtte Jotun/ÅTIL eit Dale-lag med mange rutinerte og erfarne handallspelarar i Årdalshallen. Etter ein forsinka kampstart gjekk gjestenerett i leiinga etter eit par minuttar med spel, og fekk inn fire mål før Jotun/ÅTIL traff nettet for fyrste gong denne kvelden. Heimelaget jobba godt gjennom fyrste omgang, med fleire målsjansar som diverre vart stogga av Dale sitt sterke forsvar. 

Mange av spelarane frå Dale er også å sjå på Førde sitt 2. divisjonslag, og kveldens motstandarar stilte difor med eit sterkt lag då dei vitja Årdal.

– Det er berre bra for oss å møte eit lag på eit så høgt nivå. Det er berre positivt, seier Óli Sveinsson, hovudtrenar for Jotun/ÅTIL.

Kjempescoring

Då Kristina Furebotn tok ein råsjans og snappa ballen frå Dale, haldt Årdalshallen pusten i påvente av neste trekk frå årdalsjenta. Heilt åleine framfor Dale-keeperen, utnytta ho situasjonen fullt ut og sette ballen i nettet.

Artikkelen held fram under biletet.

ÅLEINE: Kristina Furebotn utnytta situasjonen til det fulle, og heiv ballen i nettet før Dale-spelarane kom fram.
ÅLEINE: Kristina Furebotn utnytta situasjonen til det fulle, og heiv ballen i nettet før Dale-spelarane kom fram.

Bortelaget auka leiinga raskt i fyrste omgang, og den store målforskjellen talte for seg sjølv. Etter ein timeout fekk Jotun/ÅTIL klarna tankene, og satsa stort dei siste femten minuttane av fyrste omgang og jobba betre i forsvar enn tidlegare. 

Ekstra gir

Jotun/ÅTIL synte seg frå ei anna side etter pausen, og gjorde eit solid arbeid både i eige forsvar og på gjestene sin halvdel av bana. Dei klarte å halde ballen og Dale-spelarane på god avstand frå mål, og hadde fleire gode skot som resulterte i scoringar.

– Spesielt forsvaret vart meir rutinert i andre omgang. Det er eit ungt lag og spelarane er veldig urutinerte. I fyrste omgang var det meir individuelt spel, medan i andre omgang jobba dei meir som eit lag, fortel hovudtrenaren.

Trass i god innstats frå handballjentene hamna dei bakpå tidleg i fyrste omgang og vart verande bak med stor målforskjell.

– Dei kjempa heile vegen, og eg syns dei gjorde ein brukbar innsats, seier Sveinsson. 

Til toppen