Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.
Må nedbemanne med 20 prosent: – Me gjer det ikkje med lett hjarte
Den siste koronabølga går hardt ut over hotellbransjen og ikkje minst arbeidarane.

For andre gong på eit halvt står jobbkvardagen til dei ansette på Quality hotel Sogndal i fare.
Smittetala har igjen stige til værs denne hausten. Det har hotellet i Sogndal, som er det største mellom Bergen og Trondheim, verkeleg fått kjenne det på lommeboka.
– Ein kan ikkje ha fleire folk i arbeid enn det som er bærekraftig, seier hotellsjefen.
Les heile saka her.
Flytta heim og kjøpte gamalt hus: – Lurt å gifta seg før oppussing

Med hjelp frå slekt og venner, og ein stor dose eigeninnsats, har Thea Nundal Gloppen (26) og Tobias Gloppen (31) frå Årdal totalt forvandla huset dei kjøpte for halvanna år sidan.
– Bryllup, hus og beibi, seier ho.
– Intense to år, seier han og ler.
Les saka og sjå stor bildeserie her.
Eldresenteret stengde då Olav (72) fekk påvist korona: – Eg var så fortvila at eg gret
Det var på fjelltur saman med ein kompis at tidlegare lensmann Olav Teigen byrja å kjenne seg litt rar i magen.
Halvanna veke seinare vart det slått alarm i Lærdal.
48 personar vart testa for korona, deriblant ei heil avdeling på Lærdal bu- og omsorgsheim. Omsorgsheimen vart stengd for besøkande.
– Eg har vore så forsiktig, fortel han.
Les heile saka her.

Full forrvirring rundt koronasmitte i Høyanger: – Me sette himmel og hav i bevegelse
Førre veke melde Helse Førde på sine heimesider at tre personar fekk positivt svar på koronatest onsdag. Dei skreiv at Høyanger og Kinn var kommunane med smitte i.

Det var berre ein ting som skurra. Når Porten.no ringde ordførar Petter Sortland om saka, hadde ikkje dei høyrt om noko smittetilfelle i Høyanger.
– Me har satt himmel og hav i bevegelse sidan me snakka med deg, litt småsur har eg vore også. Det at ingen hadde fortalt ordføraren dette, seier Sortland når han ringer Porten.no tilbake litt etter.
Les heile saka her.
Meklaren meiner årdølene har sansen for denne typen bustad. Denne gjekk for 1.250.000

Årdalsvegen 16 i Øvre Årdal er ein burettslagsleilegheit med tre soverom.
Eigedomsmeklarfullmektig i Garanti Eiendomsmegling, Erlend Hunshammer Moen, fortel at årdølene har sansen for denne typen bustader.
– Denne vart seld for 1 250 000 kroner. Som vanleg er burettslagsleilegheiter populære, seier meklaren.
Les heile saka her.