OPPFORDRING: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppfordrar Arild Ingar Lægreid og Jan Geir Solheim om å finne ut kva innbyggjarane i Årdal og Lærdal meiner om kommunereforma. Bilete er frå forhandlingsmøtet tilbake i januar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPFORDRING: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppfordrar Arild Ingar Lægreid og Jan Geir Solheim om å finne ut kva innbyggjarane i Årdal og Lærdal meiner om kommunereforma. Bilete er frå forhandlingsmøtet tilbake i januar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vart oppfordra til å finne ut kva folket meiner

Kommunereforma var på dagsorden då ordførar i Årdal og Lærdal møtte fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

Årdal: I møtet tysdag ville fylkesmann Anne Karin Hamre høyre kva haldninga til kommunereforma var for dei to kommunane, som står ufrivillig ugifte etter at forhandlingar braut saman på to frontar.

– Ho oppfordra oss om å høyre folket og engasjere folket meir. Me opplever vel det at folk flest i våre kommunar ikkje er så opptekne av reforma. Det er forståeleg, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), til Porten.no.

– Me blei utfordra på å lage ei innbyggjarundersøking, og det må me vurdere. Det er eit tog som går no med folkerøysting i Sogndal og Aurland allereie 23. mai. Årdal og Lærdal skal saman med Luster ikkje ha folkerøysting, noko me har vore tydelege på heile tida, så me får vente å sjå kva som skjer.

Kanskje innbyggjarundersøking

Årdal og Lærdal har hatt dei same alternativa med ein storkommune i Sogn eller ei samanslåing med Aurland. Sogn kommune gjekk i vasken då sogndølene saman med Vik meinte det vart for detaljert, noko folkevalde på denne sida av fjorden hevdar har med lokaliserings av lokalmedisinsk senter å gjere.

Møtet med Aurland blei med det eine møtet. Aurlendingane var ikkje interessert i eit alternativ som ikkje gav ein særleg auke i folketal og vendte heller nasen vestover mot Voss og Vik. Dermed har Årdal og Lærdal blitt ståande att åleine.

– Me vart samde om at det ligg nokre pengar til rette gjennom kommunaldepartementet som me kan få til å gjennomføre ei slik undersøking. Rådmennene skal ta kontakt og førebu ei moglegheit for ei slik undersøking. Me vart samde om at dersom det skjer, så blir det etter folkerøystingane i Sogndal og Aurland, fortel Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal.

Her skal dei ha kommunestyremøte 26. mai, og dette vil i så fall bli forankra her. Allereie 1. juli er fristen for å ha intensjonsavtalar på plass. 

Kan kome inn i varmen att?

Som Porten.no har skrive tidlegare, vil sogndølene få fleire val under folkerøystinga. For sjølv om det ikkje eksisterer ein intensjonsavtale som inkluderer Årdal og Lærdal, kan folk likevel røysta på alternativet.

– Betyr det at Årdal og Lærdal er inne i varmen att dersom folket heller vil ha dette alternativet, trur du?

– Er folket for, kan dei røyste på tre alternativ. Den såg eg ikkje koma. Me følte at fordi me ikkje har ein intensjonsavtale, er det heller ikkje noko å røyste over. Det er håplaust når andre ikkje vil. Slik har forhandlingsutvalet i Lærdal konkludert, seier Solheim. 

– Men det er forunderleg, og dersom me kjem inn att i varmen, byrjar me å få dårleg tid. Sunnfjordkommunane søkte om utsetjing, men fekk ikkje det. Det har ikkje me søkt eller bedt om, så me får rett og slett ta situasjonen slik han er der og då, seier ordføraren vidare.

Alternativ mot aust

Lægreid på si side meiner at dersom eit storkommunealternativ skulle koma på bordet att, så bør det vera med Aurland og Luster også. Han er uansett klar på at ei samanslåing med Årdal, Lærdal og Aurland er det mest fornuftige.

Solheim har tidlegare sagt at han ønskjer eit møte med Hemsedal og Vang også. Førebels har dei ikkje klart å lande på ein dato, men håpte å spikre det tysdag.

– Er dette noko Årdal kunne slengt seg med på?

– Vang, Lærdal og Hemsedal vil jo ikkje bli eit større alternativ enn Årdal, Lærdal og Aurland, så eg held på det alternativet viss det er snakk om ei form for tvang om ei stund. Intensjonen er færre kommunar, men eg veit ikkje heilt korleis regjeringa skal få til dette i dag når det er så frivillig, men eg har ikkje noko imot å snakka med Vang, som er gode naboar, seier Lægreid om forslaget. 

Til toppen