Aurland: - Alt som gjer det vanskelegare for husbukken monnar.
Johan Mattsson, dr. philos og fagsjef i Mycoteam - ei verksemd som jobbar med å motverka skadeedyr - heldt denne helga heildagskurs for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for å læra meir om skadedyr og korleis ein kan avgrensa skadene.
For, nokon mirakelkur mot slikt som husbukk finst ganske enkelt ikkje.
- Der det er mest utsett for fukt og mykje eksponert for sol, ser me gjerne får dei største skadene, fortalde Mattsson.
Veit lite nøyaktig om utbreiinga
Kurset vart halde på klyngjetunet Otternes i Aurland, der mange av bygningane er angripne av husbukk.
- Det kan vera veldig lokale angrep, sa skadedyreksperten.
Særskild tømmeret som ligg langt nede mot bakken på bygningane er utsett. Fordi dette tømmeret er lite beskytta av taket, det kan koma fukt frå grunnen og sola kjem lett til på dette tømmeret.
- Er i tillegg veggen austvendt så du får morgonsol i kombinasjon med rå luft frå natta så det dannar seg dugg på veggen har du ypparlege tilhøve for husbukk, sa Mattsson
Fagsjefen synte også eit kart over utbreiinga av husbukk i Noreg. Slik sett er me "uheldige" her i Sogn, for det er ikkje mange område i landet som har husbukk. Skladedyret er vesentleg meir utbreidd lengre sør i Europa, så Noreg ligg i randsona. Den lever dessutan berre i låglandet, Mattsson antyda at kjem ein opp i 400 høgdemeter byrjar det å bli tøft for husbukken.
Artikkelen held fram under biletet

I krig med husbukken
Mest utbreidd er den på deler av søraustlandet, men di lengre nord ein kjem, di meir fråverande blir den.
- Dette er interessant, for me veit eigentleg veldig lite om den faktiske utbreiinga, sa Matsson.
Det vart gjort kartleggingar av husbukk for 50 år sidan - i 1967. Men grunnlagsmaterialet er vekke og registreringane ikkje alltid like nøyaktige.
- Det er registrert husbukk i Lekanger i Gildeskål kommune i Nordland. Og det er pussig, for det er urimeleg at det finst husbukk så langt nord, sa Mattsson, og spurde deltakarane om dei hadde nokon idè om kva som kunne vera forklaringa på dette.
Fasiten viste seg å vera at "Lekanger" var blanda i hop med "Leikanger" i Sogn.
- For her er det funne masse husbukk, fortalde Mattsson.
Så er det jo tusenkronersspørsmålet - what to do med husbukk? For det kan vera ganske plagsamt; fleire av deltakarane fortalde om reine husbukkorkester i gamle hus og at dei var i reine krigen med skadedyret.
Nokon mirakelkur hadde ikkje Mattsson, men han meinte at gassing var eit dyrt og heller dårleg alternativ.
- Det er effektivt der og då, men ein oppnår berre å utrydda nokre generasjonar. Så blir det betre nokre år før dei er tilbake med full styrke. Dessutan er gassing svært dyrt.
Artikkelen held fram under biletet

Saltoppløysing, utbyting av materiale og "lokkemateriale"
Fleire av deltakarane fortalde om eigne erfaringar, og eit rimeleg verkemiddel Beat Friedrich i Solvorn Laft og Bygg nemnde på, var å sprøyta ei saltoppløysing på dei husbukkutsette områda - vesentleg meir miljøvennleg og rimelegare enn gift.
Ein annan moglegheit er å byta ut angripe materiale med nytt eller anna materiale.
- Trevirke med stor del av kjernemateriale er mindre utsett fordi husbukken i liten grad kjem seg inn i kjerna. Moderne, kunstig materiale eller impregnert materiale blir ikkje angripe, sa Mattsson.
Arkitekt Gøran Johansen lurde på korleis ei meir kreativ løysing ville fungera:
- Kan ein plassera materiale i nærleiken av eit hus med husbukk og "lokka" ut skadedyra med dette?
Husbukken kan nemleg fly, så den kjem seg effektivt frå a til b.
- Me prøvde noko slikt i Lærdal, men me gjorde det nok ikkje heilt rett. Mellom anna erfarte me at for at det skulle fungera i nokon grad måtte me plassera "lokkematerialet" heilt inntil veggen eller området med husbukk, ikkje eit stykkje unna. Men det er heilt klart ein god idè, for nytt materiale av rett type er heilt klart attraktivt for husbukken, sa skadedyreksperten.
Artikkelen held fram under biletet
