DEBUTERTE MED LANDSLAGET: 16 år gamle Sivert Mannsverk frå Årdal, fekk måndag spele saman med G17-landslaget til Noreg på La Manga i Spania.
DEBUTERTE MED LANDSLAGET: 16 år gamle Sivert Mannsverk frå Årdal, fekk måndag spele saman med G17-landslaget til Noreg på La Manga i Spania. (Foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil / Arkiv)

Vart skadd i starten av landslagssamlinga, måndag fekk han endeleg spele med G17-troppen

16 år gamle Sivert Mannsverk frå Årdal seier det var kjempekjekt å få spele med landslaget måndag.

Årdal / La Manga: Sivert Mannsverk (16) spelte måndag sin første kamp saman med G17-landslaget. Han kom inn som innbytar under kampen mot Romania, som enda i 2-0 siger til Noreg. 

I ein sms fortel Mannsverk at han har vore skadd sidan andre dagen av landslagssamlinga på La Manga i Spania.

– Det var veldig kjekt å få litt speletid i siste kamp, seier ein nøgd Mannsverk til Porten.no.

Mannsverk:– Kjekt å representera landet sitt

I starten av februar vart det kjent at Mannsverk signerte proffkontrakt med Sogndal Fotball. 

No kan han melde om strålande vêr og speletilhøve i Spania, seier det er kjekt å spela på internasjonalt nivå. 

– Det er morosamt å få spela på internasjonalt nivå både med og i mot andre på same alder. Det er alltid like stort å representera landet sitt, seier han. 

Til toppen