LOVLEG: Stian Jevnaker har tillatelse til å bevare bilane sine på tomta si i Seimsdalen.
LOVLEG: Stian Jevnaker har tillatelse til å bevare bilane sine på tomta si i Seimsdalen. (Foto: Sunniva Knutsen)

Vart skulda for å ha dumpa bilvrak, no svarar han

Stian Jevnaker skulle berre bygge garasje til bil-hobbyen sin, istaden vart han skulda for å ha dumpa bilvrak i Seimsdalen.

Årdal: Førre veke klaga ein nabo på bilane til Stian Jevnaker, som stod på ein snuplass i Seimsdalen. Saka skapte store reaksjonar.

På feilaktig grunnlag, meiner eigaren av bilane, og tomta, den 34 år gamle bilmekanikeren Stian Jevnaker. 

– Bilane står her no på grunn av litt sprengt kapasitet hjå Indre SognBil AS, med tanke på dekksesongen. Det er ganske heftig, og då treng dei parkeringsplassane der oppe, seier Jevnaker, som har fått mange tilbakemeldingar sidan saka kom ut, mange av dei negative.  

– Stod der midlertidig

Klaga gjekk ut på at bilane var sjenerande for omgjevnadene. Bilane, av merket Peugeot, har ifølgje Jevnaker berre små manglar som må ordnast før dei kan setjast skilt på.

VART KALLA VRAK: Dette biletet starta det heile. (Foto: Privat)

Han fortel at biltilhengaren, som var lasta med det einaste som kunne kvalifiserast som eit «bilvrak», har han fått tillatelse for:

– Dette er ei gate som strengt tatt kun eg eig tomt i. Eg har fått tillatelse til å parkere biltilhengaren her. Den er jo ganske stor og tek mykje plass, men den stod heilt til sida, så den var ikkje i vegen for nokon.

– Dei bilane som stod på parkeringsplassen, stod der berre midlertidig fordi dei skulle reparerast, og den eine skulle sendast til Sunde Resirk for vraking.

Saka held fram under biletet.

RYDDIG: Slik ser det ut no. Bilane er eigd av Stian Jevnaker. (Foto: Sunniva Knutsen)

Rasfarleg stad

Jevnaker, som bur rett nedanfor tomta, seier at han er den einaste grunneigaren langs vegen, og at det foreløpig ikkje ser ut til at det vert fleire.

Det er nemleg stor rasfare på staden, så han har kun fått løyve til å bygga ein garasje:

– Det eg skal setje opp her, er ein vanleg garasje, fordi eg har ein bilhobby. Eg har søkt til kommunen og fått lov. Det einaste eg kunne setja opp her, var eit bygg som ein ikkje skal opphalde seg i 24 timar i døgnet, grunna rasfaren.

Han seier at ingen har lov til å bygga noko på områda rundt med mindre kommunen fyst sikrar det og set opp eit rasgjerde. 

Lovleg hobby

Til dagleg jobbar han på Indre SognBil i Øvre Årdal, men i 2015 starta han enkeltmannsforetaket kor han kjøper og fiksar bilar som han seinare sel.

I den samanheng meldte behovet seg for ei større garasje.  

– Driv ein med bil er det heilt normalt å ha ei stor garasje. Eg har ikkje tenkt å drive noko firma eller noko. Firmaet er registrert her, men eg reparerer bilane på ein registrert verkstad, seier han. 

– Eg driv kun med mine private bilar her. Det er ikkje noko anna, det er ikkje fare for noko søl av kjemikaliar eller liknande, sler han fast. 

– No prøvar eg å drive med noko lovleg her, kor alt er registrert og «kvitt». Det er nok av dei som tener hundrevis av tusen på bilsal svart.

Jevnaker: – E18 tilstandar

Sidan saka vart publisert på laurdag, har meldingane rast inn på telefonen til Stian. Han har òg lese kommentarar på nett, noko han har opplevd som leit.  

Sjølv har han budd i Årdal sidan 1984, og kjenner dei fleste. 

– Eg har lese kommentarar frå folk eg kjenner der dei har sagt noko negativt. Det blir feil at heile Årdal skal tru at det er sånn, seier han og peikar på skuldinga. 

Han fortel at det har vore mange nyskjerrige årdøler på befaring dei siste dagane. 

– Det er mykje meir trafikk no. Det er ikkje heilt E18 altså, men det er meir enn før. Dei siste dagane har det vore mykje bilar her.

– Viss ikkje eg veit kva eg har gjort, veit i alle fall naboen det, seier han. 

Til toppen