BAUTAEN SOM FORSVANN: Hannu Patronen var ein bauta i sogndalforsvaret gjennom mange år. Salet av både han og Jukka Raitala har fått forsvaret til å sjå noko vaklande ut i vinter. Foto: arkiv.
BAUTAEN SOM FORSVANN: Hannu Patronen var ein bauta i sogndalforsvaret gjennom mange år. Salet av både han og Jukka Raitala har fått forsvaret til å sjå noko vaklande ut i vinter. Foto: arkiv.

Vårt tabelltips: Difor rykker Sogndal ned i år

Vi trur Eirik Bakke sine menn får det tøft i Eliteserien 2017. Her er kvifor.

Sogndal: Faresignala før Eliteserien 2017 er mange: Sogndal har eit svekka forsvar, dei har slitt med skadar i oppkøyringa, dei manglar målscorarar, har ikkje fått inn nokon verkelege forsterkingar og har gått på eit par skikkelege smellar i oppkøyringa. Topp det med den evige faren for at dei beste spelarane forsvinn til sommaren, då har du oppskrifta på eit nedrykk, trur vi.   

Tipset vårt har eitt atterhald: dersom Sogndal hentar ein solid stoppar før seriestart trur vi det er nok til å berge kvalik.

​1. Forsvaret er svekka frå i fjor

Lat oss ta for oss den største uroa først. I fjor var Sogndal eitt av dei gjerrigaste laga i eliteserien. 37 baklengsmål på 30 kampar la grunnlaget for ein imponerande sesong. Berre Rosenborg (25 baklengs) og Brann (27 baklengs) var vesentleg betre bakover. Sidan då har midtstoppar Hannu Patronen og venstreback Jukka Raitala forsvunne, halvparten av den føretrekte firaren bak. Det er forventa at Bjørn Inge Utvik glir rett inn i sjefsrolla bak, men vi har vår tvil. Stopparen har uoffisiell norgesrekord i tal hjerneristingar og er ellers svært skadeutsett. Halve sesongen i fjor gjekk i vasken på grunn av ein lyskeskade og i november vart han operert. Dei to siste sesongane har det ikkje blitt meir enn 32 kampar frå start i førstedivisjon og eliteserien til saman.

I fjor var det sjeldan Utvik imponerte. At hardhausen spelte store delar av vårsesongen med smerter er ei god unnskyldning, men fjernar ikkje vår skepsis. Om han ikkje presterer i år kan Per Magnus Steiring (20) fort ta plassen, trass manglande rutine på dette nivået. Litt hobbystatistikk: med Patronen og Psychè i midten (og utan Utvik) tok Sogndal i fjor 1,5 poeng i snitt per kamp (21 poeng på 14 kampar). Med Utvik og Psychè i midten vart det 1 poeng i snitt per kamp (12 poeng på 12 kampar). Ein vesentleg skilnad, sjølv om det er avgrensa kva nytte slike samanlikningar har. Konklusjonen får uansett bli at Utvik har noko å bevise i år. Ikkje berre at han kan halde seg skadefri.

Victor Grodås er den som skal erstatte Raitala. I fjor vart han sett ut av ein kneskade i eit halvt år og det ikkje den første alvorlege kneskaden i karriera. Venstrebacken rakk å få sitt første kvarter i eliteserien før han vart lånt ut til Kristiansund og spelte ti kampar for opprykkslaget resten av hausten. Grodås har ein presis innleggsfot og i form er han eit farleg våpen framover på bana. Defensivt er han ikkje alltid like stødig, i allefall ikkje enno. Vi trur at Grodås har nivået inne og vel så det, men at han fort kan bruke halve sesongen på å komme dit. Utfordrar Kristinn Jónsson fekk seks kampar frå start for Sarpsborg i fjor og vil gje Grodås kamp om plassen. Når han blir skadefri.

Stoppar Christophe Psychè og høgreback Taijo Teniste er bankers på dei to andre plassane i forsvaret. Men òg her er det mogleg å mane fram mørke skyer. I vinter var Psychè ute i seks veker med brot i bekkenet. Spørsmålet er kor mykje det vil prege han, særleg i dei første kampane.

2. Sogndal manglar framleis målskårarar 

Med eit svekka forsvar vil mangelen på målskårarar bli meir merkbart. Berre Start skåra færre mål enn Sogndal i fjor. At Psychè vart nummer tre på toppskårarlista seier det meste. Martin Ramsland skåra fem. Det er lov å forvente meir av ein spiss i eliteserien sjølv om han ofrar seg aldri så mykje for laget i presset. Har han meir inne bør han vise det i år. Ole Amund Sveen starta sesongen på midten, men enda likevel opp med respektable sju mål. Spelar han spiss frå første runde bør han helst plusse på med eit mål eller to eller tre. Utfordrarane Bendik Bye (3 mål) og Fredrik Flo (2 mål) er toppskårarane i vinter, men spørsmålet er om dei har løpskraft nok til å true fjorårets faste duo.

3. Mange skadar i oppkøyringa

Christophe Psychè, Eirik Schulze, Martin Ramsland, Ole Amund Sveen, Henrik Furebotn, Kasper Nissen, Lars Christian Kjemhus, Kristinn Jónsson og Bjørn Inge Utvik. Lista er lang over spelarar som har fått oppkøyring hemma av skadar, nokon verre enn andre. Jònsson og Kjemhus er ikkje venta tilbake i fullt slag før i midten av april, nyinnkjøpte Nissen tidlegast i haust. Langt frå optimalt, sjølvsagt, spesielt fordi slagplanen til Eirik Bakke krev at samtlege spelarar er i form og at dei spring mykje. Då bør hjartepumpa helst fungere frå første serierunde.

4. Dei beste kan forsvinne

I fjor forsvann einaren på midtbana, Babacar Sarr, til Molde midt i sesongen. Det same kan skje i år. Assistkongen Gilbert Koomson var nær ved å forsvinne til USA etter sesongen i fjor og er ikkje mindre ettertrakta no. Chidiebere Nwakali kan fort bli ein openbaring på midtbana, men lånet varer ikkje lenger enn til august. Klarer Sogndal å behalde begge kan dei fort gjere vårt tabelltips til skamme. Men sjansane for det er mindre enn at begge forsvinn, trur vi.

5. Ingen klare forsterkingar

Av nysigneringane er det ingen som skiller seg ut. Tarjei Aase Omenås, Tomas Totland, Kristinn Jónsson, Eirik Schulze, Per Magnus Steiring, Kasper Nissen og Bendik Bye er alle gode spelarar og gir god breidde i stallen. Men ingen kan gå rett inn og heve laget.

6. Fleire sjokkresultat i vinter

Så var det treningskampane då. Generalprøva mot Brann var ikkje så verst, men 0-4 mot Lillestrøm og 0-5 mot Strømsgodset i dei to føregåande var ille. Vi skal ikkje leggje så altfor mykje i slike resultat. Men tilsvarande innsats vil gje laber poengfangst når det verkeleg gjeld.

Og til slutt det som gir grunn til håp

Det er små marginar i fotball. Det skal ikkje meir enn eit par-tre gode kampar før du plutseleg byksar på tabellen. Finn laget flyten frå start og nøkkelspelarane held seg skadefrie, så har Sogndal nok kvalitet til å halde seg oppe. Eit stort lyspunkt er at Gilbert Koomson framleis er i bygda. Raida og innlegga hans blir ikkje mindre viktige i år. Håpet vårt er at lynvingen i tillegg kan bidra med nokre fleire skåringar. Leigesoldaten Chidiebere Nwakali blir heilt sikkert ein publikumsfavoritt. I treningskampane har vist glimt av pur klasse, forhåpentlegvis er han like god, heile tida, når serien startar. Eirik Birkelund sentralt kan ta nye steg. Omset han tverliggarskot til skåringar er han allereie godt i gang. Johan Hove (16) har vist lovande takter i vinter, ikkje minst for landslaget. Han har ro, overblikk og god nok basisteknikk til å takle nivået i eliteserien og bør få vesentleg fleire innhopp i år. Trenar Eirik Bakke har tidlegare vist at han kan ta drastiske grep for at kollektivet skal fungere. I fjor vart Sveen/Ramsland på topp genistreken. Toppskårarane Otoo/Opseth vart begge vraka til fordel rå løpskraft og det fungerte. Kanskje greier Bakke å trekke ei ny taktisk overrasking opp av hatten?

Størst håp gir likevel kollektivet. I fjor nekta Sogndal å tape, sjølv når det såg som mørkast ut. I motgang var det ingen som sutra, ingen som kjefta eller berre gav opp. I staden sprang dei enno litt meir når det butta imot. Den innstillinga, og trua på at det er mogleg å snu kampar, må laget hente fram att i år.

Det vil dei trenge.

Til toppen