FAST FØRE: Om våren kan norske fjellområde freiste med sol, stille og hard snø med god gli. Her frå Hemsedalsfjella ein vakker dag i mai. (Foto: Nils-Erik Bjørholt / NTB scanpix)
FAST FØRE: Om våren kan norske fjellområde freiste med sol, stille og hard snø med god gli. Her frå Hemsedalsfjella ein vakker dag i mai. (Foto: Nils-Erik Bjørholt / NTB scanpix)

Vårtur med ski på beina

Sjølv om påska er over, er det ingen grunn til å rydde vekk skia. Fjellet kan by på lange dagar og fast føre.

  • Endret

– Det er lett å gløyme at det er skiføre i fjellet når det er vår i byen, seier Øyvind Nordli. Han er klimaforskar og dr.philos. ved Meteorologisk institutt, og har skrive boka «Fjellet i snø, vind, sol og tåke», ei handbok om vêret i fjellet.

– Enkelte stader kan skiføret halde seg heilt ut i juni. Det gjeld berre å komme seg opp i høgda, seier han.

Det er likevel ikkje berre høgda over havet som avgjer kor lenge du kan behalde skia på.

– Nedbørsmengda om vinteren har mykje å seie for kor lang tid det tek før bakken blir berr. I dei vestlege fjellstrøka kjem det gjerne mykje snø. Medan det på Dovrefjell snør lite, og dermed forsvinn også skiføret tidlegare, påpeiker han.

VÅRSMELTING: Lurer du på om føret held, kan du sjekke snøsmeltinga på senorge.no.
VÅRSMELTING: Lurer du på om føret held, kan du sjekke snøsmeltinga på senorge.no.

Lokalt er det også dei same mekanismane som gjeld: På stader der snøen har lett for å blåse bort, blir det raskare bert. Kor mykje sola står på, har sjølvsagt også sitt å seie.

Gjennom årstidene

Per Roger Lauritzen er vegbokredaktør i NAF og har skrive ei rekkje bøker om natur og turopplevingar, blant anna «Norges beste fjellturer» og «Norges beste helgeturer». Han beste tips er å leggje opp ruta for vårskituren slik at du har opplevd både vinter og vår før du er framme.

– Om våren har eg sans for turar der ein går mykje nedover, gjennom årstidene. I april og mai kan ein oppleve full vinter i fjellet, og skikkeleg vår nede i dalane, seier han.

– Ein slik tur er mogleg mange stader, men Breheimen er ein av mine favorittar. Start for eksempel inst i Mørkrisdalen i Luster og gå til Arentzbu. Derfrå kan du gå via dei koselege turisthyttene Fast og Vigdalstøl, før du går vidare ned til tettstaden Gaupne nedst i Jostedalen. Det er ein tur som gjer inntrykk, seier han. Turen tek vanlegvis ei dryg helg, men talet dagar du bruker, avheng av vêr og føreforhold. Er du heldig, vil vårføret hjelpe deg.

– Om våren er det gjerne kuldegrader om natta slik at det frys på, og du får skare som held seg utover dagen, seier han.

Høgt og snøsikkert

Viss du slett ikkje vil ta turen ned til vårlege dalstrøk, men tvert imot utnytte dei lange lyse dagane på fjellet, anbefaler Lauritzen å ta turen til Breistølen på Hemsedalsfjellet. Derfrå kan ein gå vidare til den sjølvbetente hytta Bjordalsbu, som ligg meir enn 1500 meter over havet. Vidare fortset turen til Iungdalshytta, Kongshelleren og Geiterygghytta, før han endar på Finse.

Artikkelen held fram under biletet.

VÅROPEN: Geiterygghytta ligg 1224 meter over havet i Skarvheimen, og er open heilt til 8. mai.
VÅROPEN: Geiterygghytta ligg 1224 meter over havet i Skarvheimen, og er open heilt til 8. mai.

– Når ein går såpass høgt, kan ein vere ganske sikker på at føret held langt utover våren. Eg gjekk turen i juni for nokre år sidan, og det var veldig fint, fortel Lauritzen.

Vil du på skitur så seint som i juni, nemner Lauritzen Sognefjellet, Jotunheimen og Valdresflya som andre moglege reisemål.

Skal du gå i fjellet om våren, er det viktig å sjekke at hyttene du planlegg å overnatte på, er opne. Mange av dei betente hyttene til Turistforeininga opnar ikkje før i slutten av juni. Dei sjølv- og ikkje-betente hyttene er stort sett heilårsopne, med nokre unntak.

– Enkelte hytter er stengt i mai og juni, når det er kalvingsperiode for rein. Omsynet til naturen må komme først, minner klimaforskar Nordli om.

Smørjefritt over myra

Nordli har til liks med Lauritzen gått mange vårskiturar i fjellet, og då særleg frå Finse.

– Finse ligg høgt, og er veldig lett tilgjengeleg med tog frå både Oslo og Bergen. Frå Finse er det mogleg å gå vidare innover i område med fantastiske forhold til ut i mai, seier han.

Han anbefaler smørjefrie ski.

– Med smørjefrie ski kan du gå rett over berre flekkar på myrene. Det blir verre med klister. Er du i tillegg villig til å bere skia på enkelte strekk, forlengjer du sesongen betrakteleg, seier han.

I mai er snøen ofte såpass hard at ein ikkje dett gjennom.

– Og kjem du deg tidleg opp om morgonane, kan du ofte suse av garde på skare, seier Nordli, som vil anbefale å følgje nøye med på vêrmeldinga sjølv om våren er kommen.

– Du kan risikere å møte skikkeleg vintervêr, med både snø og vind, og ikkje minst kan du oppleve kladdeføre, seier han.

Til toppen