SNØFATTIG: Ein snøfattig vinter kombinert med rekordhøgt straumforbruk i kuldeperiodane har tømt vassmagasina til eit nivå godt under normalen.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SNØFATTIG: Ein snøfattig vinter kombinert med rekordhøgt straumforbruk i kuldeperiodane har tømt vassmagasina til eit nivå godt under normalen.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vassmagasina tømt av storforbruk

Ein snøfattig vinter kombinert med rekordhøgt straumforbruk i kuldeperiodane har tømt vassmagasina til eit nivå godt under normalen.

Indre Sogn: Året byrja med rekordhøg fylling i vassmagasina. No har dei derimot sokke til 6,5 terawattimar under normalen, fortel Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Vi har truleg aldri vore betre rusta til å møte etterspørselen etter kraft i Noreg ved inngang til året enn i år. Ein vinter med lite snø har derimot endå ein gong minna oss på kor raskt energiressursane i det vasskraftbaserte systemet vårt kan endre seg, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

Ein kuldeperiode over heile Norden kombinert med forbruksrekord i Noreg sende prisane oppover i vinter, konstaterer han.

– Sjølv om det var meir enn nok energi lagra i vassmagasina, var det ikkje nok produksjon- og overføringskapasitet til å unngå høge kraftprisar då det blei kaldt i heile Norden samtidig, seier Sanderud. (©NPK)

Til toppen