MASSEDØD: Då vassføringa i Lærdalselvi brått vart køyrt ned måndag morgon, førte det til at yngel som oppheldt seg i bekkar og sideelver måtte bøta med livet.
MASSEDØD: Då vassføringa i Lærdalselvi brått vart køyrt ned måndag morgon, førte det til at yngel som oppheldt seg i bekkar og sideelver måtte bøta med livet. (Bilde: Privat)

Vasstanden i Lærdalselvi falldrastisk – massedød av fisk

Elveeigarar og lakseentusiastar reagerer etter at vassføringa droppa voldsomt måndag morgon og førte til at fleire yngel døydde. Redd Villaksen kallar det miljøkriminalitet.

Lærdal: Det var måndag morgon at vassføringa i ved Båthølen i elva gjekk voldsomt ned frå det som skal vera eit minimum på 10 kubikkmeter per sekund til 6,9 på det lågaste. Det er Østfold Energi som er utbyggar i området.

Dette førte til at yngel av sjøaure og laks som oppheld seg i mindre bekkar, sideløp og kiler har døydd. 

Jon Inge Dolve i den ideelle organisasjonen Redd Villaksen omtalar avviket som miljøkriminalitet.

– Dette er miljøkriminalitet på sitt verste. Når det no kjem nye konsesjonsvilkår for energiverka, er dette noko ein må bli strengare på. Det er ikkje første gongen det har skjedd. Det må ordnast opp i, og siste ord er ikkje sagt, seier han til Porten.no.

Kartlegg skadane

Leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun, fortel at dei no jobbar med å få kartlagt omfanget av skadane. 

– Me er jo skuffa over at dette skjer igjen. Det er jo ikkje første gongen. No må me ta eit oppfølgjingsmøte med Østfold Energi.

– Kva har vore utfallet når det har skjedd tidlegare?

– Ikkje noko anna enn at me har snakka med utbyggar og sagt at det ikkje må skje igjen. Denne gongen var det relativt alvorleg, så då må me vurdera korleis me skal følgja opp saka.

Østfold Energi beklagar

Avviket vart registrert mellom 06.45 og 09.00 måndag morgon, opplyser Østfold Energi i ei pressemelding. Det vart sett i verk tiltak med det same det kom måleregistreringar på under 10 kubikk per sekund. Selskapet seier dei ser alvorleg på det som har skjedd og har kalla inn til møte med Lærdal kommune og Lærdal Elveeigarlag, samt Stiftinga Norsk Villakssenter.

– At vassføringa i ein kort periode har vore lågare enn me har i avtalen med kommunen og elveeigarlaget er noko selskapet beklagar djupt. Me har vore i kontakt med dei berørte partane og har sendt ei kortfatta førebels forklaring til NVE der me forklarar kva tiltak me har har sett i verk for å finna ut av kva som har skjedd, seier administrerende direktør Oddmund Kroken i Østfold Energi i pressemeldinga.

– No må me finna ut korleis dette har skjedd og kva tiltak me kan sette i verk for at det ikkje skal skje igjen, seier han.

Østfold Energi har sett i gang ei intern gransking for å finne ut av avviket og vil altså laga ein rapport til NVE og dei øvrige avtalepartane. I dialog med partane vil kraftselskapet også ta iniativ til ei uavhengig ekstern gransking av kva konsekvensar dette hadde på fiskebestanden.

Til toppen