Våt avslutning på årets skisesong

Det var ikkje mange som hadde tørre kle etter årets Smeltevatn Open. Både utøvarar og publikum fekk kjenne på det kalde vatnet.

Hafslo: Smeltevatn open blei i år arrangert for første gong i Sogn Skisenter på Hafls og konkurransen er enkel å forklare: ta deg frå den eine sida av dammen til den andre på ski eller snowboard.

– Målet med konkurransen er å ha spektakulær køyring, gode hopp og å sjå folk tryne i det kalde vatnet, forklarar arrangør Lars Olav Halleråker.

Les også: Dårleg vêr stoppa ikkje folk frå å reise til Britabu

Mange tusen tilskodarar i USA

"Pond skim" som konkurransen heiter på engelsk er noko som ikkje er så kjent her i Norge, men i USA er det konkurransar med mange tusen tilskodarar.

– Målet er at dette skal bli ein tradisjon og gjerne med litt fleire folk, forklarar Halleråker.

Hovudpremien er ein vandrepokal som blei vunnet av Erling Grøstad, men det blei også delt ut premier for beste utkledning og morsomste tryn.  

– Konkurransen er livsfarleg og vatnet er minus ti grader, seier Halleråker med eit stort smil.

– Neida, dette er ikkje farleg og det er noko som alle kan vere med på.

Sjølv om vatnet ikkje er minus ti grader som Halleråker likar å påstå, så er det ikkje varmt. Tidleg på dagen var der ein centimeter med is som måtte blitt tatt vekk før konkurransen kunne starte. Fleire fekk kjenne på vatnet og dei fann ut at det ikkje var mange grader over null.

Kom seg over

Gustaf Rydén var ein av cirka femten deltakarar som valde å vere med på konkurransen.

– Dette er eit gøy tiltak for å avslutte skisesongen, for etter påska stenger dei fleste skitrekk, seier han.

Rydén klarte å komme seg over til den andre sida begge gongane, men det var nære på i andre runde.

– Vatnet er ikkje varmt, men ein kjenner ikkje det så godt når ein har på seg kle.

Då Rydén stod klar ved startstreken var målet hans klar. Publikum skulle bli våte. Dette klarte han utmerket kan underteikna forsikre folk om.

– Sorry! Eller, det var jo planlagt då, seier Rydén.

– Det er jo ikkje kjekt viss det ikkje skjer noko. Det er eigentleg berre kjekt for publikum viss folk prøver forskjellige triks, ikkje kjem seg over og at folk blir våte, seier Rydén.

Til toppen