PRISVINNAR: Einar Melheim overrekker prisane til ei stolt Ingrid M. Slindre frå Luster kommune.
PRISVINNAR: Einar Melheim overrekker prisane til ei stolt Ingrid M. Slindre frå Luster kommune.

Vatn frå Årdal nådde ikkje heilt opp

Onsdag skulle det beste drikkevatnet i Sogn og Fjordane kårast.

Årdal: Der deltok Årdal med to kandidatar frå dei to tettstadane med Årdalstangen vassverk og Øvre Årdal vassverk. 

Begge vassverka har vunne denne prisen tidlegare. Årdalstangen vassverk vann i 2003, medan Øvre Årdal vann prisen i 2008. Denne gongen nådde dei ikkje heilt opp.

Det vart konkurrert i to klassar, og det var grunnvasskjelder og overflatekjelder. I den første klassen var det Gaupne vassverk som stakk av sigeren, medan Hafslo vassverk gjorde det skarpast i den andre klassen.

– Det var ein knivskarp konkurranse som skilde veldig på lukt og smak blant dei elleve drikkevatnkandidatane. Det var ørsmå marginar som skilde dei gode kandidatane, seier juryformann Johan P. Nielsen etter at konkurransen var avgjort.

Det var Norsk Vann, KS Bedrift og Norsk Kommunalteknisk forening (NKF) som stod for arrangementet.

 

Til toppen