VDV er nøgd med årets julekonsert 

Laurdag blei julekonserten Kul Jul arrangert for sjuande gongen.

Årdal: Vokal- og dramaverkstad (VDV) arrangerte julekonsert i kulturhuset i Øvre Årdal laurdag. Dette var sjuande gongen VDV arrangerte julekonserten Kul Jul. 

- Me har hatt konserten fire eller fem gongar i kulturhuset. Me har tidlegare også hatt den på Tangen skule, seier Elizabeth Stewart Søvik.

Ho fortel vidare at ho er svært nøgd med julekonserten i år og er veldig stolt over elevane sine.

- Konserten var kjempe fin og eg er stolt over alle som var med. Elevane var kjempe flinke. Eg er også nøgd med oppmøtet på konserten i dag.

Variert program

VDV arrangerer konsert ein gong i året med variert og spanande program kvart å.

-I dag hadde me eit roleg program med mange tradisjonelle songar. Det blei brukt levande musikk til alle songane og det er flott.

VDV-solistkor byrja julekonserten med songen «Gaudette» og «Carol of the bells.» Deretter var det ballettskulen ved Leyeune Avdal sin tur å framføre.

Dei yngste frå VDV song velkjende julesongar. Det var to sketsjar i julekonserten. Superstjerner hadde ein liten sketsj og sang «jeg så mamma kysse nissen». Mette og Maria hadde også ein sketsj.

Det var ei rekkje med solistar under årets julekonsert. Dette var blant anna Jessica, Amalie, Ida Marie, Beatrice, Rikke, Scott og Ronja.

Tea Berg er tidlegare VDV- elev og var gjest på årets julekonsert. Ho framførte sin eigen låt «Pressure» og «The Christmas song».

Årets julekonsert blei avslutta med at VDV – elevane ynskte god jul med songen «Shalom».

Mykje arbeid

Det er mykje som må gjerast i forkant av julekonserten.

- Det er mykje arbeid, men det er veldig gøy. Me er heldige som har Per Gunnar som styrer lyden. Me har eige utstyr så me er veldig sjølvstendige.

Ho legg til at elevane har øvd veldig mykje og at dei var veldig flinke under konserten.

- Nokre av elevane har vore med meg i mange år, og mange har nettopp begynt. Eg synast alle var kjempe flinke.

Plass til fleire

Det har begynt veldig mange nye i VDV, men framleis er det plass til fleire.

- Det har begynt veldig mange nye, men alle var ikkje med her i dag fordi dei ikkje hadde anledning. Me har framleis plass til fleire, både barn og vaksen. Det er kjempe kjekt å få fleire med på laget, avsluttar Stewart Søvik.

Til toppen