Luster: Denne veka har Porten.no plukka ut bildet til Lisbeth Bringebøen frå Luster som vekas foto. Bildet er teke på søndagstur frå Tungestølen til Austerdalsbreen, og tilbake.
– Me hadde med syklar, men sparte truleg ikke veldig mykje tid på det, då det var litt meir stein enn eg hugsar der framme, og dermed omtrent like mykje gåing med sykkel som sykling på sykkel, seier Bringebøen.
Ho fortel at ho tykkjer det er spanande med foto, og kjekt med fotominner frå ulike turar.
– Eg tykkjer det er moro å redigere fargane i bileta etter ein tur, og sjå korleis berre små fargeendringar kan gje den ekstra piffen i eit elles kanskje traust bilete.
- Vil du dela bilde? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.
Spesielt kjekt med dyreliv
På instagramkontoen sin har ho 5 634 følgarar og deler bilder frå turar ho går. Det er mange sider ved friluftslivet som Bringebøen likar. Både fjellturar, toppturar, vinterturar, turar på ski med pulk og telt, sykkelturar, hengekøyeturar og kveldsturar.
– Spesielt kjekt å sjå dyreliv som ei fin ugle eller «trebjødn» på turen, og ikkje minst beitande dyr som syt for eit ope og levande naturlandskap.
– Naturen blir aldri kjedeleg, seier Bringebøen til Porten.no.
