Årdal: Statens vegvesen melder at Kolnostunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes vert stengt i periodar på 15 minutt dei neste dagane.
Årsaka til stenginga er vedlikehaldsarbeid i tunnelen. Arbeidet skal pågå frå tysdag fram til fredag denne veka mellom 07.00 og 16.00.
Det kan også vere greitt å minne om at arbeidet i Bermålstunnelen på same strekninga startar opp att tysdag kveld klokka 20.00. Arbeidet, som skal pågå fram til i haust, har opphald slik at bilar kan passere klokka 21.25, 23.00, 02.30 og 05.20.