Lærdal: Dei to tunnelane det er snakk om er Lærdalstunnelen på E16 og Bergstunnelen på riksveg 5.
I førstnemnde tunnel skal det pågå vedlikehald mellom 20.00 og 06.00 både natt til tysdag og natt til onsdag. Det blir manuell dirigering, og er du maks uheldig, blir du ståande i 30 minutt.
I Bergstunnelen på strekninga Jølster-Sogndal skal det vere asfaltarbeid måndag ettermiddag frå 13.00 til 16.00.