BRANN: Onsdag kveld brann det i eit område på 150 ganger 150 meter bak Hydro.
BRANN: Onsdag kveld brann det i eit område på 150 ganger 150 meter bak Hydro. (Foto: Sunniva Knutsen)

Gnistar frå Hydro var årsak til brannen

Det melder politiet torsdag.

Årdal: Onsdag kveld sto eit område bak Hydro i full fyr. Kraftig vind og svært tørr vegetasjon gjorde at det var stor spreiingsfare. 

Beredskapen rykte ut med alt dei hadde av mannskap. Torsdag melder politiet at brannen var knytt til vedlikehaldsarbeid på Hydro. 

– I samband med vedlikehaldsarbeid, så var det nokre gnistar som for over taket og antente bakken på andre sida. Dei gjorde forsøk på å sløkka brannen sjølve, men då var han allereie komen ut av kontroll, seier Magne Knudsen, tenestadsleiar ved Årdal lensmannskontor.

– Det var eit hendeleg uhell. Slikt som kan skje.

Politiet har rutinemessig oppretta sak.

– Med god hjelp av dei involverte, har me fått klart for oss kva som skjedde. Vitner er avhøyrte, og saka er endeleg etterforska. No går ho til jurist for vurdering.

Porten.no har vore i kontakt med Hydro Årdal. Dei ynskjer ikkje å uttale seg i saka.

Rykte ut med store ressursar

Like før halv åtte onsdag kom meldinga om brann nær det populære turområdet ved Ytre Moa. Både brannvesen og politi kom fort til staden.

Rundt 20 personar deltok i sløkkingsarbeidet og angreip brannen frå fleire sider. Klokka 21.20 melde politiet at brannen var sløkt. 

– Vi var urolege. Hadde dette spreidd seg over åskammen, kunne brannen fort ha spreidd seg til busetnad eller gått vidare til andre bedrifter i området. Men vi klarte å stogge brannen, seier Johnsgaard til NRK.

Politiet avhøyrte vitne onsdag kveld, men ville ikkje gå inn på detaljar då. 

– Vi har ei formeining om brannårsaka og avhøyrer eit vitne, sa Knudsen til Porten.no.

Til toppen