FYLKESÅRSMØTE: Sogn og Fjordane Høgre heldt årsmøtet på Quality Hotel i Sogndal. På biletet held Torill Eidsheim innlegg om reforma «Leve heile livet». På årsmøtet var det vel 100 deltakarar.
FYLKESÅRSMØTE: Sogn og Fjordane Høgre heldt årsmøtet på Quality Hotel i Sogndal. På biletet held Torill Eidsheim innlegg om reforma «Leve heile livet». På årsmøtet var det vel 100 deltakarar.

Vedtok å plassera idrett under hovudutval for kultur

Sogn og Fjordane Høgre sa seg samd i fråsegn til Sogn og Fjordane Idrettskrins at idretten vert flytta frå hovudutval for vidaregåande opplæring til hovudutval for kultur. 

Sogndal: Laurdag føremiddag byrja fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre. Det var vel 100 deltakarar som møtte opp på Quality Hotel i Sogndal.

Eitt av resolusjonsforslaga som var vedteke var å plassera idrett under hovudutval for kultur i det nye fylket.

Sogn og Fjordane og Hordaland fylke skal slå seg saman frå 1. januar 2020.

I intensjonsplanen for samanslåinga er det fastsett at hovudutvalet for kultur skal ha sitt hovudsete i Sogn og Fjordane. I intensjonsplanen er det lagt til grunn at idrett skal liggja under vidaregåande opplæring.

På årsmøtet laurdag sa Sogn og Fjordane Høgre seg samd i eit fråsegn til Sogn og Fjordane Idrettskrins at idretten vert flytta frå hovudutval for vidaregåande opplæring til hovudutval for kultur. 

Tala om helserefom

HELSE: Stortingsrepresentant Torill Eidsheim tala om helsepolitikk på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre. Foto: Øyvind Nondal

Stortingsrepresentant Torill Eidsheim heldt på slutten av laurdagen eit innlegg om reforma «Leve heile livet». 

Eidsheim sa at ein i Høgre vil at eldre skal meistre heile livet, både når dei bur heime eller når dei kjem på heim.

– Difor har ein sett i gang denne reforma som ein har valt å kalla «Leve heile livet».

– Dessverre ser ein at det sviktar altfor ofte det viktigaste i eldreomsorga. Det sviktar når det gjeld mat. Det sviktar når det gjeld helsehjelp. Det sviktar når det gjeld aktivitetar og fellesskap. Det sviktar òg når det gjeld samanhengande tenester, sa Eidsheim.

Ho meiner at regjeringa har gjort mykje for å styrka kvaliteten og innhaldet i eldreomsorga. Men mange eldre og pårørande opplever ikkje at tenestene er gode nok.  

Til toppen