TO MOT FEMTEN: Inger Bakken fekk med seg Annike Vanberg (SV), men dei 15 andre kommunestyrerepresentantane stemte for rådmannen sitt framlegg. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TO MOT FEMTEN: Inger Bakken fekk med seg Annike Vanberg (SV), men dei 15 andre kommunestyrerepresentantane stemte for rådmannen sitt framlegg. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Vedtok ombygging på bu- og omsorgsheimen

Med 15 mot to stemmer vedtok kommunestyret i Lærdal å gjera ombyggingen på Lærdal bu og omsorgsheim til ein prislapp på vel 70 millionar kroner.

Lærdal: – Dette er noko av det største eg har vore borti nokon gong og slik sett historisk. Me forvaltar fellesskapen sine pengar og skal vera sunt politisk skeptiske, for me byrja på ein sum og enda på noko heilt anna. Så tok me ein ekstra runde for å trygga oss sjølve. No føler eg meg så trygg som eg kan vera på at det her er lagt inn det som finst er av kostnader, sa Gro Starheimsæther (Sp).

Ho snakka om bygging av omsorgsbustader ved Lærdal bu- og aldersheim, pluss fleire ombyggingar, der sentralkjerne for å samla personalet og nye garderobefasiliteter ved heimen. 

Les kva prosjektet inneber: Skal finna smarte grep for ombyggingsprosjektet

Kalkylane som låg føre før prosjektet gjekk ut på anbod var på i underkant av 50 millionar kroner. Då tilboda kom inn att var rimlegaste tilbod frå Kleiven Sogn 83 millionar kroner. Så har ei gruppe jobba med å funne innsparingar. Dei har teke ut delprosjektet med varmegjenvinning og redusert posten «Diverse prosjektkostnader» med ein million kroner.

– Vanskeleg for den enkelte mann i gata å forstå at me skal låna så mykje

– Spriket mellom utgangspunktet og det som kom på bordet skapte sterke reaksjonar. Det er ei ganske omfattande sak, og det må vera lov å stilla spørsmålsteikn ved arbeidet som var gjort i framkant når utgangspunktet var 48 millionar kroner. Med dette utgangspunktet skulle låneopptaket bli 32,6 millionar kroner. No ligg 39,4 millionar inne. Det blir eit stort paradoks når me samstundes driv med ei krevjande saldering på driftsbudsjettet. For den enkelte mann i gata er det vanskeleg å forstå at me skal låna så mykje då, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) 

Han gjekk så over til å snakka om oppsida; at ein med prosjektet skal få ei innsparing på drifta på netto 3,6 millionar kroner. Ein skal ta ned ti stillingar og vidare spara ytterlegare 4,9 millionar kroner gjennom betre utnytting av personalet og totalt spara 8,5 millionar kroner.

Han nemnde vidare at det aller viktigaste frå hans ståstad er eit tilbod til dei eldre som ein ikkje har i dag ved at ein med prosjektet får omsorgsbustader.

– Eitt punkt er det ikkje sagt så mykje om, og det er at eldre ektepar kan bu saman. Eit slikt tilbod vil bli etterspurt enno meir etter kvart som eldrebølgja sler til for fullt. Lærdal er om lag den einaste kommunen utan eit slikt tilbod . Men me skal følgja nøye med på at oppsidene blir som venta.

Lysne nemnde også at han såg det som aktuelt å innføra ei byggjenemnd.

Bakken ville utsetja deler av prosjektet

Partifellen hans, Inger Bakken, som møtte for Jarle Offerdal, tykte ikkje ein kunne lata saka gå gjennom med det store spriket mellom kalkyle og tilbod:

– Alle seier at saka er komen for langt til at me kan gjera noko anna. Men det må vera lov å spørja kva som har gått gale. Det er ei fantastisk innsparing, den kanme eigentleg ikkje seia nei til. Samstundes er det snakk om ti årsverk, kanskje femten par hender færre som skal ta seg av dei eldre. Er det det me vil? Det er ikkje Ap sin politikk.

Difor kom Bakken med eit eige framlegg.  

Artikkelen held fram under biletet

STEMTE ULIKT: Inger Bakken ville utsetja deler av prosjektet, men resten av Ap-gruppa stemte for rådmannen si tilråding som inneber ombygging ved Lærdal bu- og omsorgsheim for knapt 71 millionar. Frå Inger Bakken mot høgre: Audun Mo, Leif Aasen, Kristen Olav Grøttebø og Kåre Mentz Lysne.
STEMTE ULIKT: Inger Bakken ville utsetja deler av prosjektet, men resten av Ap-gruppa stemte for rådmannen si tilråding som inneber ombygging ved Lærdal bu- og omsorgsheim for knapt 71 millionar. Frå Inger Bakken mot høgre: Audun Mo, Leif Aasen, Kristen Olav Grøttebø og Kåre Mentz Lysne.

– Eg har lyst til å møta bygdefolket og seia at eg prøvde å gjera det eg meiner er rett. Og eg meiner kostnadssprekken på 66 prosent er så stor at me bør stoppa opp og sjå om dette kan gjerast annleis. Sentralkjerne og garderobene bør vera mogleg å ta etterkvart. Då kan ein få andre entreprenørar med i anbodskonkurransen og kanskje få betre pris.

– Me har tenkt mykje, sove dårleg, spurt og lurt mykje

Rådmann Alf Olsen presisterte at dei hadde brukt standardtal då kalkylen vart utrekna og kom så med ei forklaring på korleis prosessen hadde gått føre seg:

– Dette er vedteke i kommunestyret i fleire rundar, alt byggjer på dette. Alle dei beste fagfolka har vore involverte i prosessen. Kravspesifikasjonane har vore svært utførlege - heilt ned til plassering av stikkontaktar. Dette for å vera relativt sikre på tala som me får att. Spriket er marknaden sin dom. Å dela opp prosjektet blir kostnadsrivande - all erfaring tilseier det.

Han nemnde også at det ikkje var mogleg å berre setja i gang med deler av prosjektet, det vil seia bygging av omsorgsbustader utan å ta med dei andre elementa. I så fall måtte ein ta ein ny anbodsrunde. 

Frode Myklebust (V) gjekk på talarstolen og sa det meste var sagt. Han streka under at han også såg med bekymring på å ta opp nesten førti millionar kroner i lån for ein allereie gjeldstynga kommune.

– Låneopptaket er den store jokeren. Det er viktig at prosjektet no blir fulgt tett opp økonomisk. Det er ein tendens til at dei pengane som blir sett av også blir brukt opp. Her er det svært viktig at me ikkje får fleire sprekkar, helst bør me koma under kva som er budsjettert.  Omkampen har vore bra; me har tenkt mykje og sove dårleg, spurt og lurt mykje.

– Har vanskar med å sjå at så mange færre hender skal ta seg av dei eldre

Han sa så han ville gå for framlegget frå rådmannen fordi ein treng denne tenesta og at prosjektet såleis ikkje burde stoppa opp.

Annike Vanberg (SV) varsla på si side at ho ville stemma for Inger Bakken sitt framlegg:

KAKE: Fredag var det feiring med kake ved Lærdal bu- og omsorgsheim - ordførar Jan Geir Solheim var til stades.
KAKE: Fredag var det feiring med kake ved Lærdal bu- og omsorgsheim - ordførar Jan Geir Solheim var til stades.

– At det skal bli så mange færre hender til å ta seg av dei eldre klarar eg ikkje å forstå. Me har ganske høgt sjukefråvær innan desse tenestene. Det er veldig mykje bra med prosjektet, og ein stoppar utviklinga ved å seia nei. Men me er i økonomisk unntakstilstand. 

Men det vart berre Inger Bakken (Ap) og Annike Vanberg (SV) som stemte for å utsetja deler av prosjektet, det vil seia ombygging til sentralkjerne og oppgradering av garderobefasilitetane. Dei 15 andre kommunestyrerepresentantane stemte for rådmannen sitt framlegg om å skøyra i gang heile prosjektet.

Trond Øien Einemo og Jarle Molde (begge H) sa seg ugilde i saka og gjekk frå. For desse steppa Oskar Brugrand og Knut Opdal inn.

 

Til toppen