Indre Sogn: Dermed vart vedtaket frå møtet i Fylkesutvalet onsdag ståande - Per Sævik og hans Havila får kjøpa fylkeskommunen sine aksjar for 1065 millionar kroner.
Les også: – Redda av gongongen
– Vedtaket er ein god kombinasjon av sal, framhald av eigarskapen og eventuell seinare utgang. Avtalen vil gje heilt naudsynte økonomiske musklar for fylkeskommunen til mellom anna å drive tenesteproduksjon framover til det beste for innbyggjarane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.
– Den kanskje største saka som er handsama i fylkeskommunen i vår tid
Førebels sel Sogn og Fjordane fylkeskommune seg ned til 33 prosent eigarskap, men innretninga i avtalen legg opp til at fylkeskommunen skal heilt ut av selskapet til utgangen av mars 2019. Havila har forkjøpsrett på resterande aksjar og summen på 1065 millionar kroner gjeld for alle dei fylkeskommunale aksjane.
– Dette har vore ein lang og krevjande prosess for alle i den kanskje største saka som er handsama i fylkeskommunen i vår tid. Det at vi no har lukkast å komme fram til ein avtale er eit resultat av godt samarbeid og ikkje minst evne og vilje til å løyse saka, og ein prosess som har heva verdien av selskapet, seier Jenny Følling.