BETRE VEG: Regjeringa går inn for K5-løysinga til 33 milliardar kroner for å sikre ein betre E16 mellom Bergen og Voss, noko som også har sin verdi for E16 sin status gjennom Lærdal. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.
BETRE VEG: Regjeringa går inn for K5-løysinga til 33 milliardar kroner for å sikre ein betre E16 mellom Bergen og Voss, noko som også har sin verdi for E16 sin status gjennom Lærdal. Foto: Flickr/Samferdselsdepartementet.

Veg- og togløysing for 33 milliardar på E16

Regjeringa går inn for det såkalla K5-alternativet til 33 milliardar kroner for veg og tog i mellom Voss og Bergen.

Indre Arna/Lærdal: Avgjerda – som omfattar E16 og Bergensbanen – vart kunngjort av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og næringsminister Monica Mæland (H) i Indre Arna tysdag.

– Dette er ein strekning som på grunn av vår vakre, ville natur er fantastisk å oppleve, men ikkje fult så fin å køyre, seier samferdselsministeren.

Alternativet inneber blant anna at reisetida med bil mellom Voss og Bergen blir kutta frå 72 til 46 minutt. For tog blir tida meir enn halvert, frå 63 til 24 minutt.

Samferdselsministeren omtalar løysinga som ein «Rolls-Royce».

– Ikkje fordi ho er luksuriøs, men ho er veldig kostbar, seier han.

Ifølgje NRK inneber K5– løysinga åtte lange tunnelar for både veg og bane, og tunnelane skal fungere som rømmingsvegar for kvarandre. Blant anna blir det ny firefeltsveg mellom Arna og Trengereid og tofeltsveg vidare til Voss. For jernbanen blir det nytt dobbeltspor på strekninga Bergen-Voss. (©NPK)

Til toppen