Veg stengd grunna skred

Veg stengd grunna skred

Vegen mellom Skjold og Urnes i Luster er laurdag ettermiddag stengd grunna snøskred.

Luster: Fylkesveg 331 mellom Skjolden og Urnes er stengd, melder vegtrafikksentralen. Eit snøskred skal vere skuld i at vegen ikkje er open.

– Me fekk inn melding litt over tolv, og me reknar med å opne vegen att kring eitt, seier Kjetil Molvær hjå Statens vegvesen.

Til toppen