RAS: Måndag morgon har det gått eit ras mellom Skjolden og Urnes. Fylkesveg 5637 er stengt.
RAS: Måndag morgon har det gått eit ras mellom Skjolden og Urnes. Fylkesveg 5637 er stengt. (Skjermbilde: Google Maps)

Veg opna att etter ras i Luster

Klokka 06:03 melder Statens vegvesen at det har gått eit jord- og steinras på vegen mellom Skjolden og Urnes.

Skjolden: Raset har gått rett sør for Kvita Skredatunnelen i Luster. 

Vegen er stengt inntil vidare, opplyser Vegvesenet. 

Entreprenør er sendt til staden for å rydda opp. 

I ein vurdering klokka 10 seier Vegvesenet at oppryddinga har starta, og at vegen er venta å opna klokka 14 måndag. 

Etter klokka 11 melde Vegvesenet at vegen er open for trafikk. Det føregår framleis rydding på staden. 

Til toppen