Veg vart stengt for snøskred - falsk alarm for andre gang på to dagar
(Foto: Datawrapper)

Veg vart stengt for snøskred - falsk alarm for andre gang på to dagar

I nærare fem timar heldt vegen mellom Hafslo og Veitastrond stengt grunna varsla snøras.

— Vegen opna no like før klokka ni, seier Jørgen Bødtker i Vegtrafikksentralen.

Klokka 04.38 natt til laurdag meldte vegvesenet på Twitter at Fv 5641 ved Utladøla var stengt grunna snøras, for andre gang sidan torsdag. Nok ein gang skulle dette vise seg å ikkje stemme.

— Entreprenør og byggleiar har vore på staden og sjekka, mest truleg er det vind som har gjort det.

— Må vurdere å flytte sensor 

Grunnen til at det tok så lang tid til å finne ut av om eit ras hadde gått eller ikkje, var at entreprenør og byggleiar måtte vente til det hadde lysna, forklarar Bødtker.

Han meiner dei no må vurdere om dei skal flytte sensoren ein annan stad, for å sørgje for at varslingsalarmen ikkje går av så lett.

— Det har jo vore mykje vind dei siste dagane. Det er jo ei vurdering dei må ta om dei må flytte på sensor, dersom staden den står på er utsett for vind.

Til toppen