VENTETID: Trafikantar må rekne med venting også i Steiggjetunnelen på fylkesveg 53 torsdag. Kart: Mapbox.
VENTETID: Trafikantar må rekne med venting også i Steiggjetunnelen på fylkesveg 53 torsdag. Kart: Mapbox.

Vegarbeid gir venting i Steiggjetunnelen

Meir venting på fylkesveg 53.

Årdal: Mellom 09.00 og 14.00 torsdag kan trafikantar som ferdast mellom Øvre Årdal og Årdalstangen støte på litt venting i Steiggjetunnelen.

Arbeidet skal altså foregå i fem timar, og ifølgje Statens vegvesen må ein rekne med å stå i 15 minuttar på det meste.

Frå før er det allereie venting i Midnestunnelen, der det er lysregulering. 

Elles kan ein også nemne arbeidet på E16 i Lærdalstunnelen og på Filefjell. I førstnemnde er det snakk om 20 minutt venting på grunn av vegarbeid. Dette gjeld i periodane måndag til laurdag 08.00 til 20.00.

På Filefjell er det 30 minutt med venting dersom du er skikkeleg uheldig. Også her er det vegarbeid, og dette gjeld frå 07.00 om morgonen til 19.00 måndag til laurdag.

Det er kaldare i vêret, men førebels ser det ikkje ut til at snø skal bli eit hinder for dei som skal over fjellovergangane i samband med haustferien. Både på Hemsedalsfjellet, Filefjell og strekninga mellom Hol og Aurland blir det meldt om bar veg.

Til toppen