IKKJE HER: Den årlege konserten som normalt blir halde her på Mjølkeflaten, må i år flytta til badestranda ved Lærdalsfjorden. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
IKKJE HER: Den årlege konserten som normalt blir halde her på Mjølkeflaten, må i år flytta til badestranda ved Lærdalsfjorden. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Vegarbeid gjer at den tradisjonelle konserten må flyttast

Konserten Lærdal musikklag plar halda på Mjølkeflaten blir i år å finna i dalbotnen.  

Lærdal: – Me vart lovd at arbeidet ved Fodnestunnelen skulle bli ferdig før konserten slik at me kunne avvikla den som normalt. Men så blei ikkje arbeidet ferdig likevel og då er det ikkje råd å gå trygt opp til Mjølkeflaten via Hedler, seier Magnhild Aspevik i Lærdal musikklag.

Meir eller mindre kvart år på førsommaren har laget i samarbeid med Lærdal turlag arrangert konsert på Mjølkeflaten. Den kortaste vegen dit er over brua ved Fodnestunnelen og opp via Hedler.

Les også: Vårmusikk på Mjølkeflaten

Artikkelen held fram under biletet

VEGARBEID: Det er vegarbeid her på brua ved Fodnestunnelen som gjer at instrumentberande musikarar og publikum ikkje kan nytta den kortaste ruta til Mjølkeflaten. Arkiv
VEGARBEID: Det er vegarbeid her på brua ved Fodnestunnelen som gjer at instrumentberande musikarar og publikum ikkje kan nytta den kortaste ruta til Mjølkeflaten. Arkiv

På badestranda i staden

Men fordi Statens Vegvesen sitt arbeid med Fodnestunnelen har drege ut er det ikkje trygt å gå over brua ved tunnelen mot Hedler. Og den alternative vegen til Mjølkeflaten via Stødno er vesentleg lengre og såleis uaktuell å nytta så då har konserten vorte flytta.

– Me tek konserten på badestranda ved Lærdal ferie.- og fritidspark i staden. Her blir det konsert, quiz med premiering, kaffi og litt å bita i, fortel Aspevik.

Kring 100 publikummarar har pleidd å finna vegen til konserten på Mjølkeflaten. Korleis flyttinga av konserten vil slå ut på publikumstalet er uvisst, men den blir i alle høve meir tilgjengeleg.

Gode vêrmeldingar

FINT VÊR: Då konserten gjekk av stabelen på Mjølkeflaten i fjor hadde Magnhild Aspevik og dei andre musikarane strålande vêr å spela i. Slik ser det ut til å bli i år også. Arkiv
FINT VÊR: Då konserten gjekk av stabelen på Mjølkeflaten i fjor hadde Magnhild Aspevik og dei andre musikarane strålande vêr å spela i. Slik ser det ut til å bli i år også. Arkiv

– Nokre har sagt dei ikkje kjem seg opp på Mjølkeflaten for å overvêra konsertane me har halde der, så viss me får fint vêr kan det henda det blir bra med folk, seier Aspevik.

Konserten går av stabelen tysdag 30. mai frå klokka 18, og Yr melder sol og kring 16 grader heile tysdag ettermiddag og kveld.

– Eitt år høljeregna det og då møtte vel fem publikummarar opp. Me gjennomførte konserten likevel. Men no satsar me på godt vêr og ei fin kveldsstund med utsyn over Lærdalsfjorden, seier Aspevik

 

Til toppen