VEGARBEID: Det vert vegarbeid på fylkesveg 53 ut september månad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEGARBEID: Det vert vegarbeid på fylkesveg 53 ut september månad. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Vegarbeid i Jåteli

Det blir vegarbeid ut månaden på fylkesveg 53.

Årdal: I lang tid har det pågått fjellreinsking i fjellsidene langs vegen mellom Øvre Årdal og Holsbru.

No vert det meir stengingar på strekninga heilt fram til 29. september. I perioden kan vegen bli stengt i opptil 30 minutt. 

Arbeidet i Jåteli pågår mellom 07.00 og 18.00 måndag til onsdag, og frå 07.00 til 15.00 torsdagar. Elles er det fri ferdsel på vegen.

På fylkesveg 55 mellom Sogndal og Gaupne vert det også arbeid denne veka. Tysdag startar arbeidet med å leggja nytt dekke på vegen.

Vegen kan bli stengt i opptil 30 minutt. Arbeidet føregår mellom 07.30 til 19.00 frå tysdag til fredag denne veka.

Til toppen