LYSREGULERT: Eit felt er stengt i Midnestunnelen, og det er lysregulering som kan gi venting på 15 minutt.
LYSREGULERT: Eit felt er stengt i Midnestunnelen, og det er lysregulering som kan gi venting på 15 minutt.

Vegarbeid i Midnestunnelen

Det gjer at eit felt er stengt på fylkesveg 53.

Årdal/Lærdal: Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal er stengt i eit felt over ei kort strekning. Årsaka er vegarbeid.

Statens vegvesen skriv i si trafikkmelding at arbeidet vil halde fram til 2. november, og trafikken blir lysregulert. Det kan gi ventetid på 15 minutt.

I Lærdalstunnelen på E16 vert det utført vedlikehaldsarbeid denne veka. Arbeidet skal føregå på kvelds- og nattestid mellom 21.00 og 06.00 fram til fredag morgon. 

Vegen kan bli stengt i periodar på 30 minutt. 

Til toppen