VEGARBEID: Arbeidet med ny veg gjer at Statens vegvesen stenger E16 over Filefjell i ei periode på kring tre veker i juni. Foto: Statens vegvesen
VEGARBEID: Arbeidet med ny veg gjer at Statens vegvesen stenger E16 over Filefjell i ei periode på kring tre veker i juni. Foto: Statens vegvesen

Vegarbeid stenger E16 i juni

Frå måndag 1. juni og fram til fredag 19. juni vil vegen vera stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn, på E16 over Filefjell. 

Bygginga av ny E16 over Filefjell vil føre til vanskelege køyretilhøve for trafikantane i sommar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Det er spesielt nokre utfordrande punkt som gjer det krevjande for Statens vegvesen å halde trafikken gåande medan ny veg blir til. 

Stenger vegen

Difor stenger Statens vegvesen E16 for å redusere ulempene for både trafikantar og anleggsarbeidarane i perioden: 

Måndag 1. juni klokka 6.00 fram til klokka 14.00 fredag 19. juni.

Gjennom heile perioden, også på helg, vil vegen vera stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn. I denne perioden vil Hæhre entreprenør AS jobbe på skift gjennom heile døgnet for å få unna så mykje som mogleg under stenginga av vegen. 

Alternativ rute

Grunneigarar og hytteeigarar vil få tilgang til å kome seg fram til eigedomane sine så langt det er mogleg. 

Omkøyringsvegar for gjennomfartstrafikk (sjå kartet) er fylkesveg 53 Tyin-Årdal, maks høgde er 4 meter, og riksveg 52 Hemsedalsfjellet / fylkesveg 51 Golsfjellet. 

Statens vegvesen meiner stenging ei kortare periode er den beste og mest oversiktlege løysinga, men orsakar ulempene dette vil medføre for dei som blir hardast råka av stenginga.

OMKØYRING: Mellom 1. juni og 19. juni er omkøyringsvegar fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 52 Hemsedalsfjellet / fylkesveg 51 Golsfjellet. Kart: Statens vegvesen
OMKØYRING: Mellom 1. juni og 19. juni er omkøyringsvegar fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 52 Hemsedalsfjellet / fylkesveg 51 Golsfjellet. Kart: Statens vegvesen

Samstundes opplyser Statens vegvesen om at fleire kilometer av E16 over Filefjell vil bli gjort ferdig, med asfalt, i løpet av hausten 2015.

Les meir om vegprosjektet og framdrift på tunnelen her.

Til toppen