Vegen er open att

Vegen er open att

No kjem du deg mellom Indre Sogn og Bergen utan omkøyring att.

Statens Vegvesen melder at dei har opna E16 etter det store raset som gjekk ved Hyvingstunnelen i Voss kommune onsdag. Vegvesenet har dei siste dagane jobba med å fjerna massar og reparera delane av vegen som vart øydelagde. Dermed kunne dei opna vegen i begge retningar att i dag, søndag, klokka 14.

Til toppen