STENGT: Fylkesveg 241 var stengt heile søndag på grunn av eit snøskred. Her står Svein Tufte (t.v.), Sigurd Tufte Vereide, Kjell Magne Tufte og Solveig Tokvam i raset. Foto: Privat. 
STENGT: Fylkesveg 241 var stengt heile søndag på grunn av eit snøskred. Her står Svein Tufte (t.v.), Sigurd Tufte Vereide, Kjell Magne Tufte og Solveig Tokvam i raset. Foto: Privat. 

Vegen er opna att etter at ras isolerte bygda

Fylkesveg 241 mellom Gudvangen og Bakka er opna att etter snøskredet som sperra vegen heile søndag.

Bakka: Raset, som gjekk natt til søndag, gjorde at innbyggjarane i Bakka var isolerte heile dagen. Klokka 09.15 måndag morgon vart vegen opna, melder Statens vegvesen.

Svein Tufte, som bur i Bakka, oppdaga raset då han skulle til Aurland. Han let seg frustrere av at det tok så lang tid før vegen vart rydda.

– Eg vil ikkje hengja ut nokon, men eg trur me trygt kan konstatere at me blir eit offer for korleis vegetaten er organisert no fordi det er ikkje i nærleiken av å vere basert på lokalkunnskap når det gjeld rasproblematikk, seier han.

Tufte meiner Vegvesenet fint kunne ha rydda opp raset og opna vegen søndag. Ifølgje Rune Dvergsdal i Statens vegvesen var det med omsyn til tryggleik at ein valte å venta.

– Raset var i og for seg ikkje så stort, men dette er eit rasområde, og det har smårasa fleire gonger utan at det har kome heilt ned. Difor ville me avventa og sjå om det roa seg, seier han.

– I tillegg er det greitt at desse rasplassane stabiliserer seg når det først har gått ras. Då skal det helst få ligge litt i ro.

Faren for snøskred er moderat i Indre Sogn for augneblinken. Tufte er samd i at tryggleik sjølvsagt må gå føre, men meiner at akkurat i dette tilfellet var det ikkje fare for nye skred.

– Sjølvsagt må liv og helse til dei som skal jobba gå føre, men i dette tilfellet var det ikkje farleg. Me som bur her kjenner til dei lokale forholda. Denne skreda her er til dømes skummel når vinden står på nord-vest. I går var det ikkje stor skredfare slik forholda var. 

Til toppen