NY REISKAP: Rune Dvergsdal informerer om at fjellreinsklaget har teke i bruk ein ny type reiskap denne torsdagen. Det er ei luftpute som blæs seg opp ved hjelp av kompressor, og som boksar store steinar utfor fjellskrenten.
NY REISKAP: Rune Dvergsdal informerer om at fjellreinsklaget har teke i bruk ein ny type reiskap denne torsdagen. Det er ei luftpute som blæs seg opp ved hjelp av kompressor, og som boksar store steinar utfor fjellskrenten.

Finnsåstunnelen: Vegen opnar truleg ikkje klokka tolv i dag, heller ikkje fri ferdsle i morgon

Rune Dvergsdal i Statens vegvesen varslar om moglege endringar i opningstidene forbi tunnelen i dag.

Slik vert opningstidene for Finnsåstunnelen for morgondagen, (fredag) og for neste veke: 

  • Frå fredag klokka 16.00 til måndag klokka 09.00 vil vegen vera heilt open og det vil vera fritt fram for trafikantane.
  • Måndag til fredag vil vegen vera stengt dagtid, frå 09.00 til 16.00.
  • Men det er visse unnatak: Han opnar mellom 12.00 og 12.30, mellom 13.35 og 13.40 og mellom 14.55 og 15.00. 
  • Dei to sistnemnde opningane på fem minutt korresponderer med buss i rute, men vegen vil òg vera open for bilar frå begge retningar i desse femminutts-periodane

Årdal: I førre veke informerte Rune Dvergsdal i Statens vegvesen om opningstidene forbi Finnsåstunnelen dei neste par vekene, før arbeidet med å reinska fjellsida for lausmasse er ferdig. 

Men det er ikkje sikkert at vegen opnar i dag mellom klokka tolv og halv eitt, slik det har vore føresett. 

– Det går føre seg spesialarbeid oppe i skråninga i dag, fortel Dvergsdal.

Etter at Super Puma-helikopteret spylte fjellsida med sjøvatn frå ein 3000 liter stor vasstank, har fjellreinsklaget måtte ta til takke med handmakt for å rydda fjellsida. Spett og tau har vore dei viktigaste reiskapane deira. 

Men i dag har dei fått med seg kompressor opp i fjellsida, som blæs ut ei stor luftpute. Luftputa sprenger då laus steinar som er for store til at fjellreinsklaget greier å fjerna dei ved hjelp av spett. 

– Når me fyrst har byrja dette arbeidet med luftputa, so lyt me få ned alle dei store steinane før vegen kan opna att. Difor er det ikkje sikkert me kan halda vegen open mellom tolv og halv eitt i dag, slik det var tenkt. 

I det heile teke vil opnings- og stengingstidene forbi tunnelen i dag vera litt usikre. 

– No veit me ikkje heilt når me kan opna vegen att for gjennomfart, seier Dvergsdal, men han trur det skal verta gjennomfart både klokka 13.35 og 14.55 etter planen. Og so etter 16.00 og utetter. 

Tidlegare i dag fekk fjellreinsklaget slege ei skikkeleg stor steinblokk utfor skrenten, som låg endå høgare opp i terrenget enn rasstaden. 

Inga fri ferdsle fredag

Ifylgje opningstidene som vart kunngjorde for tunnelen i førre veke, skulle han heile dagen fredag vera open for fri ferdsle. 

No er det derimot klart at vegen vil vera stengt på dagtid, med dei same opningstidene for gjennomfart som har gjeldt for dei andre kvardagane. 

– Fredag er det meldt fint vêr, og arbeidslaget treng den dagen. Det har vore andre dagar med mykje nedbør då dei ikkje kunne arbeida, seier Dvergsdal. 

I dag, torsdag, stadfestar han at det vil gå i alle fall ei veke til før jobben med å fjerna all lausmassen er gjort unna. Opningstidene for gjennomfart vil vera som i faktaboksen ovanfor. 

Når fjellreinsklaget er ferdige med sin jobb, kan arbeidet med å setja opp rassikringsgjerde starta. Det vil òg by på hindringar for trafikken, men andre opningstider vil gjelda når det arbeidet startar.

Til toppen