SKYLT VEKK: Fylkesveg 5602 i Vik kommune vart hardt råka av det 60 meter breie raset 29. desember. No har Vegvesenet reparert vegen slik at han blir opna torsdag.
SKYLT VEKK: Fylkesveg 5602 i Vik kommune vart hardt råka av det 60 meter breie raset 29. desember. No har Vegvesenet reparert vegen slik at han blir opna torsdag. (Foto: Svenn Egil Finden, Statens Vegvesen)

Vegen mellom Feios og Fresvik blir opna

Vegen mellom Feios og Fresvik har vore stengd på grunn av ras sidan  29. desember. I dag opnar den att.

Vik: Søndag trefte eit 60 meter breitt ras som inneheldt jord, vatn, snø og terreng fylkesveg 5602 mellom Feios og Fresvik. Det resulterte i at ti meter veg forsvann. I dag kan Statens vegvesen melda at vegen opnar att klokka 16.00.

– Me har utført opprydding av skredmassane, og så har me brukt fundament og lagt ned nye store røyr, fått bygd opp att vegen mellombels og sikra området, seier avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden.

Han legg til at det seinare vil det bli prosjektert og bygd opp ei permanent løysing på vegen.

– Korleis har arbeidet gått? Har det vore vanskeleg med tanke på vêret?

– Det har gått ganske greit. Me har vore obs på at det kan vera skredfare grunna vêret. Til dømes har me ikkje jobba på kveld- og natterstid i mørket, fortel Finden.

– Har det kome ras medan de har jobba?

– Nei, det har ikkje kome nokre småras, seier han.

Innesperra og utan straum

På grunn av raset som la seg over fylkesvegen har Feios og dei kring 200 innbyggjarane vore isolert og fleire gonger utan straum dei siste fire-fem dagane. 

Ordførar i Vik kommune, Roy Egil Stadheim kunne tidligare i veka fortelja at situasjonen har vore utfordrande. 

– Innbyggjarane i Fresvik er innesperra grunna raset. No er dei også straumlause på grunn av at linja er teken ein eller anna plass. Tansøy har vore inne med eit straumaggregat slik at dei har fått vassforsyning som er avhengig av straum, opp og gå igjen. 

Straumen var tilbake ved 17.00-tida måndag.

Til toppen