OPEN FOR TRAFIKK: Det ligg framleis rasmasse att i delar av vegen, men eitt køyrefelt er ope for trafikken mellom Fodnes og Årdalstangen.
OPEN FOR TRAFIKK: Det ligg framleis rasmasse att i delar av vegen, men eitt køyrefelt er ope for trafikken mellom Fodnes og Årdalstangen. (All rights reserved)

Vegen til Årdal er endeleg open: – Det er eit imponerande arbeid som er gjort

Etter å ha vore stengt grunna ras i halvannan veke er vegen til Årdal endeleg open att. Dagar med spyling og rydding har nådd fram.

Årdal:  Sidan fjerde januar har det ikkje vore mogleg å kome seg mellom ferjekaia på Fodnes og Årdalstangen. Eit steinras har hindra både skuleelevar og posten å kome fram. No, etter dagevis med arbeid, kan ein igjen kome seg fram på vegen.

– Det er eit imponerande arbeid som er gjort. Det er mykje å ta hensyn til når ein jobbar med eit ras som dette, mellom anna tryggleiken til trafikantane og ikkje minst arbeidarane. Eg er nøgd med at me fekk opna vegen so raskt, seier Sven Egil Finden, avdelingsdirektør for vegavdelinga til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.

Les også: Fredrik Vee høyrde rummel og brak frå raset då han sat heime i huset på Hæreid

 Arbeidet med å rydde vegen har teke både tid og krefter. Eit spesialhelikopter måtte hentast inn for å spyle fjellsida. Utanom ein kort pause då delar av helikopteret måtte på service, har arbeidet gått på skinner, ifølgje Finden.

– Me har vore svært heldige med vêret og har ikkje møtt på mange problem. Det er godt å få opna vegen att for dei som bur og arbeidar i Årdal, seier Finden.

BERRE EITT FELT: Vegen er berre opna i eitt felt, og det er framleis mange tonn rasmasse å fjerne. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Les også: Sjå video av korleis dei ryddar vegen

Arbeidet er ikkje over enno

– Me er enno ikkje heilt i mål. Det vil framleis gå føre seg litt arbeid der oppe, seier Finden.

Det er berre opna eitt felt i vegen, og det er ein del masse som framleis må fjernast. Sundag kveld vert det manuell dirigering forbi rasstaden, men frå tysdag av vert vegen lysregulert. 

– Den manuelle dirigeringa skal ikkje ha noko å seie for trafikantane. Dei fleste vil klare seg med dei få minuttane ventetid det vert, seier Finden.

Grunna det dårlege vêret som er meldt måndag, er det mogleg at fjellet mellom Årdal og Tyin vert stengd. Difor vil vegen verte opna éin gong i timen kvar veg for gjennomfart. Etter den tid føl opninga ei fast rute.

Vegen vert open følgjande tider:

  • 00.00 - 09.00
  • 12.00 - 12.30
  • 13.35 - éi gjennomkøyring
  • 14.40 - éi gjennomkøyring
  • 15.45 - 00.00

– Desse tidene vert sett opp delvis av hensyn til skiftbyta på fabrikkane. Eg vonar andre skal greie å rette seg etter dei utan problem, seier Finden.

 

SØRGJELEG SYN: Fram til i dag var dette synet som møtte dei som forsøkte å køyre til Årdal. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Skal jobbe fram til mars

– Etter sjølve vegen er rydda skal me setje opp eit mellombels gjerde. Etter det skal eit reinskelag opp i fjellsida igjen for å rydde siste resten av raset, seier Finden.

Planen er å setje opp eit permanent gjerde ved Finnsåstunellen, slik at framtidige ras ikkje skal gjere like stor skade. Grunna leveringstider trur Finden gjerdet fyrst vil vere på plass i midten av mars eller byrjinga av april.

– Me må jobbe i alle fall fram til det permanente gjerdet er på plass. Difor kjem ein nok til å måtte køyre med lysregulering heile vinteren, seier Finden.

Opningstidene på vegen kan bli endra etter kvart.

Til toppen