OPNAST ATT: Vegen til Årdalstangen er open att, men det står framleis att mykje opprydding.
OPNAST ATT: Vegen til Årdalstangen er open att, men det står framleis att mykje opprydding. (Foto: Illustrasjon)

Vegen til Årdalstangen stenger om få timar

Om du skal køyre mellom Årdalstangen og Fodnes bør du vere rask. Frå klokka fem laurdag ettermiddag vert vegen stengd fram til måndag morgon.

Årdal:  Fredag kveld gjekk eit nytt ras over vegen utanfor Finnsåstunellen i Årdal. Dette var på nett same staden som eit større ras gjekk tidlegare denne månaden. No seier Statens vegvesen at vegen er rydda for ferdsel – i alle fall i nokre timar.

På Twitter melder Vegtrafikksentralen at den rasutsette vegen vert rydda, men må stengast att laurdag ettermiddag. Då vert det ikkje råd å kome seg forbi før ei ny vurdering vert gjort måndag morgon klokka ni.

Vegvesenet vel å stenge vegen grunna uvêret som kjem laurdag og sundag. Det er meldt 30 m/s i vindkasta og seksti til nitti millimeter nedbør.

– Denne mengda nedbør aukar rasfaren, og me er nøydde til å stenge vegen, seier Kjetil Molvær, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Les også: Her er opningstidene ved rastunellen

Porten.no oppdaterer saka!

Til toppen