VIKTIG: Ungdomar må få lyst til å jobba av og med mat, sier Alexander Fosse Andersen.
VIKTIG: Ungdomar må få lyst til å jobba av og med mat, sier Alexander Fosse Andersen. (Foto: Hordaland Senterparti)

MEININGAR

Vegen til Michelinstjerna startar på vidaregåande

Alexander Fosse Andersen meiner at rekruttering til restaurant- og matfag er naudsynt for at Noreg òg i framtida skal ha restaurantar med michelinstjerner og vinne medaljar i kokkemeisterskap.

Det har vore ei god veke for norsk mat og matkunst. Michelinstjernedryss over norske restaurantar, og gull og sølv i OL i kokkekunst viser at norsk mat og norske kokkar er i verdsklasse. Som matentusiast gler eg meg veldig over det, og eg vert veldig stolt av det norske kokkar får til.

Diverre går rekrutteringa til bransjen feil veg, og dersom Noreg også i framtida skal levere mat og matkunst i verdsklasse treng me eit løft for restaurant- og matfag. Utdanningsprogrammet har gjennom fleire år hatt nedgang i søkjartala. Gjennomføringa har òg vore låg.

Dette har uroa Senterpartiet lenge. Bedrifter etterspør fleire lærlingar og fagfolk enn det me utdannar. Fleire reiselivsbedrifter har tidlegare gitt uttrykk for kor vanskeleg det er å få tak i norske kokkar.

Ungdomar må få lyst til å jobba av og med mat

Alexander Fosse Andersen

For Vestland som matfylke er det alvorleg. Senterpartiet har i fleire år jobba for å auke søkjartala til restaurant- og matfag. I 2017 fekk Sp fleirtal i fylkestinget i Hordaland om å etablere eit nettverk mellom fylkeskommunen, stat, næringsliv, matprodusentar, næringsmiddelindustrien og andre aktuelle aktørar. Dette nettverket sitt mål skal vere å jobbe fram ein tiltaksplan for auka rekruttering og gjennomføring innan restaurant- og matfag.

Tiltaksplanen har ikkje kome til politisk handsaming enno, men Senterpartiet er tydeleg på at eit slikt nettverk må gjelde heile Vestland. Dette vart samrøystes vedteke då opplæringstilbodet for skuleåret 2020/21 i Vestland vart handsama i desember.

Søkjartala for dette skuleåret til restaurant- og matfag var heldigvis gode med auke på 9,6 prosent. Voss vidaregåande skule har dei siste åra jobba godt med rekruttering og har òg hatt god søking. Det er viktig at deira gode døme vert tekne med i tiltaksplanen.

Låg gjennomføring viser dessutan at ein må gjere noko med sjølve utdanninga. Ungdomar må få lyst til å jobba av og med mat, og sjå dei moglegheitene som lokal matproduksjon gir for ein framtidig karriereveg. Auka rekruttering til restaurant- og matfag er naudsynt for at Noreg òg i framtida skal ha restaurantar med michelinstjerner og vinne medaljar i kokkemeisterskap.

Til toppen