UVÊR: Det dårlege vêret gjer at fylkesveg 53 er stengt fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
UVÊR: Det dårlege vêret gjer at fylkesveg 53 er stengt fredag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Vegen var stengt, men er no opna att

Det er venta tøffe vêrforhold i fjellet i starten på helga. 

Årdal: Det er meldt mykje nedbør og fare for flaum fredag. Det gjer at NVE har sendt ut obs-varsel, og farenivået for ras er også heva. 

Det betyr vanskelege føreforhold på fjellovergangane, og fredag morgon var fylkesveg 53 Tyin-Årdal stengt på grunn av uvêret, men like før 11.00 vart vegen opna att.

På dei andre fjellovergangane er det derimot ope. På samtlege vert det meldt om snø- og isdekke og fare for glatte parti, så ein gjer lurt i å køyre forsiktig.

Til toppen