RESTAURERE: Den strekninga som no blir restaurert kjem til å vere Vangen sitt svar på Vindhella i følgje Jan Adriansen. Foto: Arkiv
RESTAURERE: Den strekninga som no blir restaurert kjem til å vere Vangen sitt svar på Vindhella i følgje Jan Adriansen. Foto: Arkiv

Veghistorisk perle vert restaurert

Sherpaane frå Nepal er tilbake og skal restaurere ein del av Kongevegen dei neste 4-5 vekene.

Lærdal:  Sherpaane har allereie jobba denne veka som var, fortel Jan Adriansen som er planleggingsleiar.

Dei neste vekene kan ein møte sherpaene på den øvste delen av Kvamskleiva. –Der har det rast ut for lenge sidan, så det har ikkje vore fint å gå der i det heile tatt, seier Adriansen. 50 nedanfor vegen går E16 og no har det blitt satt opp eit rasgjerde for å sikre området.

Ei rekonstruert historisk bru vil også komme på plass seinare i året litt lenger ned i bakken, her vil det også bli gjort nokre småting med vegetasjonen og fjerning av rasstein i Kvamskleiva.

Vangen sitt svar på Vindhella

– Dei neste vekene skal vi byggje opp at vegen son har rasa ut av Kongevegen. Det er kanskje 20 - 30 meter og så rydder vi litt vegetasjon.

– Dette er Vangen sitt svar på Vindhella. Dette blir den store Kongeveg attraksjonen i Vang, seier Adriansen om arbeidet.

To grunnar

– Det er to grunnar til at vi har vald å restaurere denne strekninga. På grunn av at når stein raser raser det på E16, då er det enklare å få støtte frå Vegvesenet. 

Men hovudgrunnen handlar ikkje om pengar. – Det er ei av perlene langs Kongevegen rett og slett, seier Adriansen. Vegen er spektakulær og har ein spesiel historie.

Til toppen