RYKTE: Han ville ikkje seie når regjeringa kom til å bestemme seg for vegvalet mellom aust og vest, men Nikolai Astrup (H) kunne iallfall forsikre om at Høgre ikkje allereie har bestemt seg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
RYKTE: Han ville ikkje seie når regjeringa kom til å bestemme seg for vegvalet mellom aust og vest, men Nikolai Astrup (H) kunne iallfall forsikre om at Høgre ikkje allereie har bestemt seg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vegkampen: – Eit rykte at Høgre allereie har bestemt seg

Det sa Nikolai Astrup (H) då han tala til spente vegforkjemparar i Førde.

Førde: Vegkonferansen i Førde var den siste viktige møtestaden for samferdsleforkjemparane i høve fjellovergangar aust-vest før Statens vegvesen legg fram sine konklusjonar omkring konseptvalutgreiing (KVU) Gol-Voss 1. september.

Torsdag var titals vegforkjemparar for riksveg 52, riksveg 5 og E39 samla i Førde for å vise sitt tydelege standpunkt om kva dei meiner sentrale politikarar skal velje som hovudveg mellom aust og vest.

Tilstades var to par viktige øyrer i ein slik samanheng, nemleg leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen, Nikolai Astrup, og medlem av same komité, Magne Rommetveit (Ap).

Avkrefta rykte

Førstnemnte avviste rykta om at Høgre allereie hadde bestemt seg for kva aust-vest-samband dei vil prioritere av Hemsedalsfjellet og Hardangervidda (riksveg 7).

– Det er feil. Bakgrunnen for debatten er utgreiinga som kom i januar 2015. Det var ei utgreiing på overordna nivå, meir overordna enn ein KVU. Difor var det behov for ekstra utgreiing, sa han.

Artikkelen held fram under biletet.

INFORMERTE: Senioringeniør i Statens vegvesen, Kjell Kvåle, ville ikkje gi eit einaste hint om kva KVU kom til å seie om vegvalet.
INFORMERTE: Senioringeniør i Statens vegvesen, Kjell Kvåle, ville ikkje gi eit einaste hint om kva KVU kom til å seie om vegvalet.

Når ei avgjerd vil kome frå regjeringa, kunne ikkje Astrup svare sikkert på. Den kan koma allereie i haust eller gjennom Nasjonal Transportplan, som kjem på nyåret. 

– Det er viktig å ha med seg at dette er ein veg som skal binde Vestlandet og Austlandet saman, ikkje Oslo og Bergen.

Rekordstort press

Det var fleire i salen som likte det dei høyrte frå Astrup. Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), meiner samlinga torsdag viste styrken til eit samla Vestland. 

– Me legg no eit rekordstort press på samferdslemidlane, der me er redde for at vegmidlar vert flytta til dei store byane. Kampen om kronene er større enn nokon gong. Difor er det viktig å byggje alliansar og stå saman på tvers av fylke, parti, organisasjonar og bedrifter, sa ho.

Artikkelen held fram under biletet.

FULL SAL: Alt frå fylkesordførarar til lokalpolitikarar og stortingspolitikarar var på plass i Førde torsdag.
FULL SAL: Alt frå fylkesordførarar til lokalpolitikarar og stortingspolitikarar var på plass i Førde torsdag.

Kollega Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland har tidlegare vore tydeleg i at Hemsedalsfjellet er det rette å velja, men var rundare i kantane under konferansen.

– Det er ikkje tvil om at det er mange i Hordaland som ønskjer seg Hardangervidda, men skal ein sjå Vestlandsregionen under eitt, så er det ingen tvil om at me burde ha eit samband i nord og i sør, og då utkrystalliserer Hemsedalsfjellet seg, sa ho og la til at dei ikkje vil gjere endeleg slutning før utgreiinga er på plass.

Hordalandsdiagonalen

NLF, ved Geir A. Mo, var heilt tydelege på at Rv. 52 Hemsedalsfjellet og E134 med arm til Bergen er transportnæringa sitt føretrukne val. Mo la også vekt på at veksten i godstransporten vil komme på veg, noko som i sin tur aukar behovet for vidare vegsatsing både i høve vedlikehald og investeringar. E16 Arna-Voss og rassikring på E16 gjennom Gudvangen er også av avgjerande tyding for NLF.

– Ein Hordalandsdiagonal er ikkje avgjort. Dersom den skal byggast, er det fram i tid. Det handlar ikkje om at prosjektet er dårleg, men det er ikkje ny bru over Hardangerfjorden som hastar mest. Det hjelper lite med ny bru dersom ein står fast på fjellet etterpå, påpeikte Astrup.

Når det gjeld E39-prosjekt og prioriteringar av desse vil dette vert ein politisk kamp inn mot handsaminga av Nasjonal transportplan 2018-2029.

Til toppen