Sogn og Fjordane: Rambøll & Co. har målt vegkvaliteten på oppdrag frå interesseorganisasjonen Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV). Resultatet er samla i ein rapport som blir overlevert til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tysdag, skriv Aftenposten.
Vestfold har dei beste vegane i landet, følgt av Hedmark og Akershus, men ingen fylke oppfyller alle standardkrava som finst. På botnen av lista ligg Hordaland, Sogn og Fjordane og Telemark.
– Situasjonen mange stader er prekær og går på sikkerheita laus. Det understrekar med all klårleik behovet for krav til standard på fylkesvegar, slik det er for riksvegar, seier OFV-direktør Øyvind Solberg Thorsen.
– Det skal ikkje vere slik at riks- og fylkesvegar er betre for nokon enn for andre, avhengig av kvar dei bur, seier han.
I dei fem åra som er gått sidan førre gong Rambøll undersøkte vegkvaliteten, har «ni fylke har fått meir ujamn og til dels betydeleg dårlegare veg», heiter det i rapporten. Møre og Romsdal har hatt den mest negative utviklinga, følgt av Oslo og Finnmark.
Den samla bilbruken har auka med seks prosent dei siste åra. I 2014 køyrde kvar av oss i snitt 20 kilometer kvar dag. (©NPK)