OPPGITT: Politikar Gunnhild Bøyum (H) er oppgitt over at kommunen og grunneigaren ikkje har blitt samde over ei løysing.
OPPGITT: Politikar Gunnhild Bøyum (H) er oppgitt over at kommunen og grunneigaren ikkje har blitt samde over ei løysing. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Vegstrid på Kaupanger spissar seg til: – Eit hån mot politikarane og turfolket

Ein hengelåst bom møtte turgåarane på Kaupanger denne helga, trass i at politikarane hadde bestemt at vegen skulle vera brøytt og open til bruk.

Sogndal: Denne helga kom folk igjen til låst bom på vegen som fører til Goro, eit populært utgangspunkt for ei rekke flotte turar på Kaupanger. Det sjølv om formannskapet i Sogndal torsdag sa at dei vil ta på seg kostnaden ved å halda vegen helgaopen denne vinteren, fram til ei meir varig avtale med grunneigaren eventuelt kjem på plass.

– Det er eit hån mot politikarane som har vedteke dette, og eit hån mot alle som hadde gleda seg til ein skitur i dette fantastiske turterrenget, men som kom til stengd bom, seier Gunnhild Bøyum, leiar i Sogndal Høgre.

Ho meiner grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm og Kaupanger Hovedgård må ta det meste av skulda for den fastlåste situasjonen.

BOM STOPP: Vegen skulle vera brøyta og open denne helga, hadde politikarane bestemt. I staden møtte turgåarane ein låst bom. Foto: Privat

– No har politikarane sagt at kommunen skal dekka alle kostnadane. Når han ikkje følger opp, så kan eg ikkje sjå at det er andre enn hans ansvar, seier ho.

Porten.no har snakka med Knagenhjelm, men han ønskjer ikkje å kommentera saka i media akkurat no.

Møtte vedtak med vilkår

Striden rundt vegen har vore eit heitt tema dei siste åra. For folk i bygda, med idrettslaget i front, har det vore eit sterkt ønskje om at ålmenta skal få bruka han. Men Hovedgården og kommunen, som har fått ei slags meklarrolle mellom dei to partane, har mellom anna ikkje greidd å bli samde om kven som skal ta på seg kostnaden ved brøyting og strøing.

Fredag publiserte Hovedgården på Facebook ei rekkje vilkår som må vera på plass før dei er villige til å føya seg etter vedtaket politikarane gjorde dagen før. Mellom anna går det på at kommunen må ta på seg å betala eigendel for forsikringa av vegen, samt at dei dekkar ansvar utover forsikringssummen på 10 millionar kroner.

Eit anna vilkår er at forhandlingar om bruk av vegen til Goro berre skal handla om kor vidt vegen skal vera vinteropen.

STADFESTER INVITASJON: Leiar Bjarte Ramstad i Kaupanger idrettslag seier dei har blitt inviterte til eit møte med grunneigaren Kaupanger Hovedgård. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er berre heilt hinsides alt saman. Eg forventar at kommunen og grunneigaren snarast kjem fram til ein avtale. Viss ikkje må kommunen ta andre verkemiddel i bruk, seier Bøyum.

Hovedgården og idrettslaget skal snakka saman

Bjarte Ramstad, leiar i idrettslaget, seier Kaupanger Hovedgård har invitert dei til å ta ein prat dei næraste dagane. Difor har heller ikkje han så mykje på hjartet akkurat no.

– Me er inviterte til møte, men me er ikkje komne lenger enn det. Eg har ikkje fått diskutert saka med styret enno, seier Ramstad.

Politikar Bøyum er positivt overraska når ho får høyra om møtet. Utan at ho er særleg optimistisk på vegner av utfallet.

– Det er veldig fint viss dei kjem fram til noko, men det har vore så mange møter opp gjennom at eg ikkje har særleg tru på det. Idrettslaget har vel jobba for dette sidan 2011, seier ho.

Til toppen